Årdal: Lægreid kontakta kommunen som har ansvaret for vedlikehald av leilegheita i august i fjor, for å rapportere om dei mange skadane på bustaden. Lite har blitt gjort sidan den gong.
– Kommunen sa at ytterdøra mi skulle byttast ut, hyllene på kjøkkenet skulle fiksast, eg skulle få nytt dusjkabinett og peisen skulle ta ta før vinteren kom, seier Asle Lægreid.
I ein e-post til Porten.no skriv leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen, Hans Jørgen Røneid, at kommunen ikkje kan kommentere denne type saker i media.
Konstant trekk i gangen

Sidan august i fjor har det vore ein sprekk i ytterdøra på omsorgsbustaden som Lægreid bur i. Etter at han rapporterte om feilen til kommunen, kom dei ein snikkar som skulle sjå på skaden. Feilen vart retta opp, men kom tilbake kort tid etter.
– Vinden kjem inn og bles inn døra og vidare inn i gongen. Då hjelp det ikkje å ha varmeovn på. Det blir som å fyra for kråkene, seier Lægreid.
«Det er inngått ein husleigekontrakt mellom utleigar Årdal kommune og leigetakar. Kontrakten beskriv kva plikter utleigar har og kva plikter leigetakar har. Det går vidare fram av husleigekontrakten korleis avvik skal handterast,» står det i e-posten frå Røneid.
Han kan ikkje sei noko om det er bestilt ny dør til omsorgsbustaden, men Lægreid fortel at dette har han blitt lova i mars i år.

Siv ut røyk frå peisen
Spjeldet inne i peisen datt ned og tetta for ventilasjonssystemet i romjula. Dette ha medført til at det ikkje er noko ventilasjon når ein fyrer og røyken siv ut i stova.
– Då dette skjedde kom brannvesenet og eg fekk fyreforbod. Dei sendte også dette til kommunen og feiar, men ingenting skjer. Det er ganske så skummelt, seier Lægreid.

Han seier også at det har blitt diskutert om kommunen skal setje inn ei varmepumpe som erstatning for peisen.
– Hyllene i kjøkkenskapa og under vasken er knekt av. Det er skinnene som hyllene skal gå på som det er noko problem med. Eg beskjed i januar av kommunen at eg skulle få nye. Peisen skulle dei ta før vinteren kom igjen, seier Lægreid.
Vil kontakte leigetakar

På badet til Lægreid er det fleire ting som ikkje er i god stand. Vindaugsdøra inn på badet er skeiv og det er berre den eine kroken som går igjen.

– Om det skjer ein lekkasje frå vaskemaskina, så vil ikkje vatnet renna ned i sluken grunna dusjkabinettet som no står der. Det godtek ikkje forsikringsselskapet om noko skulle skje, seier Lægreid.
Røneid skriv i e-posten at «Årdal kommune vil ta kontakt med leigetakar på ny for å gå gjennom manglane i bustaden. Me vil deretter ta stilling til om utbetring av manglane ligg innanfor utleigar sine plikte eller om dei ligg innanfor leigatakar sine plikter. Kommunen vil rette dei manglane som i følgje kontrakten er vårt ansvar.»
– No har eg vore tolmodig så lenge. Kommunen har heller ikkje sett noko frist på når dette skal ordnast, avsluttar Lærgeid.