MORELLEKART: Morelleblomane er vortne til kart på garden Mo i Lærdal, og den mest kritiske fasen i dyrkingssesongen har gått svært bra. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MORELLEKART: Morelleblomane er vortne til kart på garden Mo i Lærdal, og den mest kritiske fasen i dyrkingssesongen har gått svært bra. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Har vore knallvår for morellene

– Det har ikkje sett så bra ut sidan me starta med moreller, seier Per Hjermann jr.

Lærdal: I eit morellefelt på Mo i Lærdal er 10 morelleprodusentar samla for å dela erfaringar frå ein nyleg gjennomført studietur til Nederland. Der deltok dei på eit seminar for produsentar av steinfrukt frå heile verda. Den kritiske blømeperioden er over - utan tilfeller av nattefrost, noko som kan vera fatalt for produsentane.

– Det beste no er ein passe varm, typisk norsk sommar - om noko kan kallast det. Blir det for varmt kan morellene bli mjuke og mogna for fort, seier Stine Huseby, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgivning.

Håpar på 200-250 tonn

Ho er den faglege instansen på Mo denne ettermiddagen. For det er ikkje berre å planta eit felt med morelletre og lata naturen gjera jobben sjølv. Hardt arbeid, små og større grep, innovasjonar og hjelpemiddel utgjer den store skilnaden.

– I Nederland fekk me mellom anna påpeika kor viktig det er å skjera greinene. Ein skal optimalt sett ha ein fjerdedel kvar av eitt-, to-, tre- og fireårige greiner. Sjølv om dei eittårige greinene ikkje bèr bær gjev denne samansetnaden best resultat, fortel Finn Mo, som er vertskap for samlinga.

Mellom trea står høge stolpar med dukar samanrulla i buntar. Desse skal beskytta trea mot mellom anna fuglar.

– Tidlegare måtte me knappa saman desse dukane, noko som jo er ein ganske stor jobb på eit morellefelt. Så fann ein leverandør av slike dukar ut at ein jo kunne nytta glidelås i staden. Det er kanskje litt «morellenerdete», men seier noko om kva utvikling og innovasjon har å seia, fortel Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar på Lærdal Grønt.

Artikkelen held fram under biletet

SVARAR: Stine Huseby, t.v., svarar på spørsmål frå morelleprodusentane. Per Hjermann jr. i midten bak Finn Mo og Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar på Lærdal Grønt t.h.
SVARAR: Stine Huseby, t.v., svarar på spørsmål frå morelleprodusentane. Per Hjermann jr. i midten bak Finn Mo og Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar på Lærdal Grønt t.h.

Han har den utsette jobben med å fortelja noko om kor stor morelleproduksjon ein kan forventa frå produsentane i Lærdal. 

– Eg bomma i fjor, og fekk høyra det. Men det var jo ein spesiell sesong vèrmessig. Så me bør vel klara å passera to hundre tonn i år.

– To hundre og femti, skyt Per Hjermann jr. kjapt inn.

Har fått midlar til nye sortar

I fjor blei det 150 tonn, noko som likevel er nesten ein tredel av total morelleproduksjon i Noreg. Morellene blir i all hovudsak selde som reine bær til forbrukarane, lite går til vidareforedling. Og sidan morellene frå Lærdal først og fremst er kjende for kvaliteten, blir distribusjonen viktig.

– Det vart påpeika under seminaret i Nederland kor viktig det er med kjapp veg til marknaden. Tidlegare har det vore slik at bæra våre må via Oslo - det er jo gjerne slik med systema no at alt skal samlast ein stad først. Det kan gå greitt med post, men her snakkar me om ferskvare. Så i det siste har me fått korta ned vegen ut til kundane.  

Morelleproduksjonen i Lærdal har hatt ein eksplosiv vekst. I 2004 produserte dei femti tonn, i år kan altså produksjonen bli det femdobla - om dei mest offensive prognosane slår til. Og framleis er det mange moglegheiter på utviklingssida.

– Me skal testa ut nye morellesortar, dette har me fått midlar frå fylkeskommunen til. Her var også studieturen nyttig, ettersom me fekk utveksla erfaringar med produsentar av ulike sortar, fortel Blaaflat Mundal. 

– Kva med nye produkt?

– Dette er i tankane, men me må ha eit system rundt marknaden her. Me kan gjerne utvikla nye produkt, men me klarar ikkje å marknadsføra og distribuera det åleine.

– Fekk de sett eller testa produkt basert på moreller i Nederland.

– Me fekk vel smaka morellevin. Og morellebrennevin.

Til toppen