DATASENTER: Harald Nyland, 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre og leiar for Fjordane Unge Høgre.
DATASENTER: Harald Nyland, 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre og leiar for Fjordane Unge Høgre. (Foto: Privat )

MEININGAR

Harald Nyland (20): – Noreg må gripe sjansen som ligg i å satse på datasenter

Leiaren for Fjordane Unge Høgre skriv om Noreg sitt nye industrieventyr i dette lesarinnlegget.

Sogn og Fjordane: Alle har nok ikkje høyrd så mykje om det, men det kan bli Noreg sin nye gullgruve om vi legg til rette for det. Ulike datasenter rundt om i verda blir bygd ut og det er noko som Noreg må satse på.

Grunnen til dette er at data kjem i aukane grad til å bli ein sentral ressurs og innsatsfaktor, for både næringslivet og samfunnet. Alt du gjer på nettet, skjer i verkelegheita i eit stort datasenter på bakken.

På nett som aldri før 

Kvar veke blir det produsert meir data enn det som blei produsert i løpet av det førre årtusenet.

Vi lastar opp bilete og videoar på sosiale media, vi handlar, surfar og kommuniserer på nett som aldri før.

Alt frå brødristarar og flymotorar sender ut informasjon som må bli samla opp, difor medfører det at ein treng å byggje ut fleire datasenter for å samle trafikkdata på ein best mogleg måte.

Eit datasenter kjem ikkje utan sin pris, og det er at det treng mykje energi for å drifte anlegget. Snart treng ulike datasenter meir energi enn flytrafikken. Per dags dato, kjem den elektriske straumen frå ikkje-fornybare energi kjelder; som kull, olje og gass. Dette er ikkje berekraftig på lang sikt. Difor må ein prøve å få datasenterane til å få den elektriske straumen frå fornybare kjelder.

Stort kraftoverskot 

I følgje det internasjonale energibyrået IEA, står fornybar energi for knappe 23 prosent av elektrisitet produksjonen og venta å auke til 30 prosent innan 2022. Dette er ikkje bra nok og det er nettopp her overtaket til Noreg kjem inn. 

Vi har eit stort kraftoverskot, noko som medfører at vi kan bruke overskotet til å drifte vore datasenter ved hjelp av grøn norsk energi. Dette er vi allereie i gang med. Lefdal Mine Datacenter som er lokalisert i Måløy, er Europa sitt grønaste datasenter – om ikkje verdas.

Grunnen til dette er at dei tar i bruk norsk energi for å drifte heile anlegget. Det dette viser, er at det er mogleg å gjere Noreg om til ein datanasjon. Ved hjelp av gode politiske rammeverk og redusere satsen i elavgifta for levering av kraft til store datasenter.

Ringverknader 

Sjølv om det er kraftkrevjande, kjem eit datasenter med mykje ringverknadar. I driftsfasen har eit stort datasenter om lag 150-250 faste tilsette. I ein kommune er dette mange arbeidsplassar som vil komme både næringslivet og økonomien til gode.

Det vil også vere eit framtidsretta prosjekt, då ein i framtida stadig vil ha behov for fleire datasenter for å drifte aukande mengde data. Dette er den næringa som kjem til å vokse mest i åra fram over, noko som kan generere mange godar for Noreg.

Eit digitalisert land 

Store teknologiske selskap som Google, Facebook og Apple treng stadig meir kapasitet og Google har allereie investert i Sverige. Det er heller ingen grunn til at dei ikkje skal kome til Noreg.

Med vår grøne energi og eit stabilt styresett burde vi vere veldig attraktiv som vertsland når det kjem til datasenter. Vi har både kunnskapen, arealet, infrastrukturen og energien til å gjere dette på ein best mogleg måte – difor må vi gripe denne sjansen, å gjere Noreg til verdsnasjon innan datasenter.

Då vi allereie er det landet i Europa som er mest digitalisert.

Til toppen