FÅR PENGAR: Harastølen AS har fått 4 millionar kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
FÅR PENGAR: Harastølen AS har fått 4 millionar kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Endre Høgalmen / Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Harastølen får fire millionar til utvikling

Hovudutval for næring og kultur har løyvd millionbeløp til istandsetjingstiltak for å ta vare på kulturhistoriske verdiar.

Luster: Pengane skal nyttast til istandsetjing av interiør i hovudbygget, samt eksteriøret til ni av dei andre bygningar som mellom anna kapellet og taubanestasjonen og hageanlegget, går det fram av ei pressemelding. 

Hotellplanar

Tinfos AS og ei investorgruppe med Terje Svindland i spissen samarbeider om å setje bygningane i stand for å starta hotell på det velkjente sanatoriet. 

Harastølen har stått til forfall i mange år, og det er eit stort arbeid som skal gjerast for å setje bygningsmassen i stand slik at han kan nyttast til hotelldrift.

Bevaring av dei kulturhistoriske verdiane i anlegget er ein viktig del av konseptet for den vidare drifta. Tidlegare har både Tinfos AS, Luster kommune og Norsk kulturminnefond gått inn med midlar i prosjektet, heiter det i meldinga. 

Til toppen