Høyanger: Bandet har øvd saman i halvanna år og består av Markus Hagen (15), Ola Akre (17), Tobias Hagen (17) og Viktor Vee (17).
– Det følest bra at me har greidd å komme så langt, Tobias Hagen.
– Det er overraskande, legg Markus Hagen til.
Det andre bandet frå Sogn som gjekk vidare er Jacob´s dream frå Sogndal. Dei har følgande samansetning: Eirik Andreas Albretsen (19), Gjest Kvåle (19), Gunn Marit Kvåle (17), Harald Ahlin Søvde (16), Jakobøy (16), Ole Kristian Flåten (19).

Øver kvar helg med bandet
Målet då Tetanus melde seg på UKM var berre å visa folk kva dei er gode for.
– Me har berre sett på det som noko moro, ikkje som ein konkurranse. Me har berre øvd som me brukar å gjere, Tobias Hagen.
Den vanlege dosen øving vil seia nesten kvar helg med bandet, pluss dagleg terping på instrumenta kvar for seg.

Ketil Thorbjørnsen, musikklærar på kulturskulen, er i ekstase over at årdalsbandet har nådd så langt på kort tid.
– Eg var der under heile UKM og såg nivået. Dei som blir plukka ut skal ha noko noko ekstraordinært. Dette er eit band som har jobba hardt og systematisk. Dei har meir eller mindre budd i øvingslokalet, i tillegg har eg dei i kulturskulen, så det er vanvittig kult at dei får løn for strevet, seier han.
– Skal berre vera oss sjølve
Tetanuz spelte sin første fulle konsert i februar. I mars stod dei på scena under påskerock i Årdal. Dei produserer sangar på rekke og rad, og til hausten vurderer dei å spele inn noko av materialet.
Men først skal dei til Trondheim i juni og representera Sogn i UKM-finalen.
– Me skal berre vera oss sjølve og spela det me kan, Viktor Vee.