PÅ VEG: Naudetatane er på veg til ulukka ved Breistølen på Hemsedalsfjellet. Kart: Mapbox 
PÅ VEG: Naudetatane er på veg til ulukka ved Breistølen på Hemsedalsfjellet. Kart: Mapbox 

Hardt skadd i trafikkulukke

Personbil og lastebil involvert.

Lærdal: Politiet twitrar klokka 1030 at ein bil har køyrd i autovernet på rv. 52 over Hemsedalsfjellet, ved Breistølen. Skadeomfanget er ukjent og naudetatane på veg.

Klokka 1115 melder politiet at det er to køyretøy involverte i ulukka.

– Då me kom fram til staden viste det seg at ein lastebil og ein personbil er involvert. Føraren av lastebilen er uskadd. I personbilen var det to personar; føraren, ein mann er vurdert som hardt skadd og passasjeren, ei kvinne, som lettare skadd, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane.

Han fortel vidare trafikken blir dirigert forbi staden og at luftambulanse er på veg.

– Luftambulansen skal prøva å henta ut den hardt skadde. Kva som har skjedd og om det har vore kontakt mellom lastebilen og personbilen er førebels uvisst.

Til toppen