Hastekartleggjing av potensielle akuttmottak for flyktningar

Fylkesmannen har bedt kommunane om å kartlegge og melde tilbake om store bygg som kan ha plass til å etablere asylmottak for inntil 1 000 personar i ein akuttfase.

Årdal/Lærdal: Denne hastekartleggjinga kjem etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) har bedt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om å finne store bygg som høver seg som asylmottak i ein akuttfase.

– Krav til standard må vere tilpassa ei forventa opphaldstid på inntil ei veke. Det må reknar med at mottaket vil vere i bruk over lengre tid, skriv fylkesmannen på si nettside.

Les også: Ber kommunane ta snarvegar for å skaffe flyktningbustader

Kort varsel

Ifølgje DSB er det ønskjeleg med lokale som ikkje gir større samfunnsmessige konsekvensar enn høgst naudsynt. I første omgang er næringsbygg som står tomme mest aktuelt å tenkje på.

Les også: Greier ikkje busette fleire flyktningar utan bustader

– DSB understrekar at fylkesmennene og kommunane må vere budde på å hjelpe til i oppretting av nye mottak, som kan kome på kort varsel.

Kommunane vart bedt om å rapportere dette inn måndag, altså i går. 

Ikkje nok

I oktober starta fylkesmannen og kommunane å kartleggje innkvarteringsstader for flyktningar, men dette har ikkje gitt nok kapasitet. 

– Kva tiltak som skal gjennomførast for å avgrense talet på asylsøkjarar på sikt, er opp til regjeringa og Stortinget å avgjere. Men vi pliktar å ta hand om dei som alt har kryssa grensene våre, skriv fylkesmann Anne Karin Hamre i sin blogg måndag.

Les også: Kartleggjer innkvarteringsstader for flyktningar

– Nasjonale styresmakter har til no vore varsame med å bruke ordet krise. Uansett om vi nyttar omgrepet «krise» eller «ein ekstraordinær situasjon», krev asyltilstrøyminga handlemåtar vi kjenner frå beredskap og krisehandtering.

Til toppen