OPEN BOKS: Bakary Traore fekk stå aleine i boksen då han heada ballen i mål for Fjøra. Foto: Arkiv. 
OPEN BOKS: Bakary Traore fekk stå aleine i boksen då han heada ballen i mål for Fjøra. Foto: Arkiv. 

Hatle om Fjørakampen: – Me var for dårlege i eigen boks​

Det enda med tap for Fjøra då dei spelte mot Spjelkavik laurdag. 

Spjelkavik - Fjøra: 2-1

Fjøra starta kampen i godt spor, men klarte ikkje halde buret reint då Benjamin Sunde skaut heimelaget i leiinga. ​Til pause stod stillinga 1-0. 

6. minuttar ut i andre omgang utlikna Bakary Traore då han fekk stå aleine i boksen og heade ballen i mål. Rundt 20. minuttar før kampen var slutt var det Benjamin Sunde som fekk briljere heilt aleine i boksen, og sikra dermed sigeren til Spjelkavik. 

Fjøratrenar Håvard Hatle fortel til Porten.no at dagens tap var uforsvarleg. 

– Me tapte kampen fordi me var alt for dårlege i eigen boks. Det var heilt fortent.  

 

Til toppen