IMPONERT: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) kalla Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil for ein arbeidsgivar etter hennar hjarte for måten dei gav unge og flyktningar ein sjanse.
IMPONERT: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) kalla Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil for ein arbeidsgivar etter hennar hjarte for måten dei gav unge og flyktningar ein sjanse. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Hauglie om bilbutikken: – Ein arbeidsgivar etter mitt hjarte

Arbeids- og sosialministeren meiner arbeidsmarknaden er avhengig av fleire som Indre Sogn Bil. 

Øvre Årdal: Anniken Hauglie (H) var imponert over at ei forholdsvis lita bedrift i Årdal tek eit så stort samfunnsansvar og gir både unge og flyktningar ein sjanse til å få arbeidstrening eller språktrening.

Unge menn som fell ut av arbeidslivet har særleg vore eit tema i årets valkamp.

– Dette er ein arbeidsgivar etter mitt hjarte, som opnar døra for andre og gir folk ein sjanse. Skal me inkludere fleire, er me avhengig av fleire som han, seier Hauglie.

Stolt

Ministeren besøkte mellom anna Gamleskulen då ho torsdag besøkte industrikommunen før turen bar opp til Indre Sogn Bil. Sidan 2003 har bedrifta samarbeidd med NAV og har i snitt tatt inn ein person i året. 

INKLUDERANDE: Mette Hestetun Berg ved NAV Årdal kalla bedrifta for inkluderande.
INKLUDERANDE: Mette Hestetun Berg ved NAV Årdal kalla bedrifta for inkluderande. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Nokre har fått fast arbeid andre stader hjå oss, medan mellom anna ein de skal få møta seinare har fått fast jobb hjå oss etter at kom til Noreg frå Eritrea for tre år sidan, fortalte dagleg leiar Alf Roger Lereng til ministeren.

– Me er sjølvsagt glade og stolte av fordi det i nokre tilfelle har vore snakk om ungdommar som har vore langt nede. 

Gir folk ein sjanse

Mette Hestetun Berg ved NAV Årdal er glad for at bedrifter som Indre Sogn Bil tek samfunnsansvar på denne måten.

– Dei er flinke på å inkludera, seier ho.

Lorans Alorfi frå Syria er ein som er takknemleg for sjansen han har fått. Han er på språktrening, men har erfaring som billakkerar. I dette tilfellet har NAV lykkast med å finne ein arbeidsstad som passar erfaringa hans perfekt. 

FEKK SJANSEN: Alorfi kjem frå Syria med bakgrunn som billakkerar. Han er glad for at han har fått moglegheita til å lære seg norsk i ein jobb han har erfaring frå. 
FEKK SJANSEN: Alorfi kjem frå Syria med bakgrunn som billakkerar. Han er glad for at han har fått moglegheita til å lære seg norsk i ein jobb han har erfaring frå.  Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Eg likar meg veldig godt her. Eg har ikkje lyst å sitja heime. Kanskje eg kan få jobb som billakkerar seinare. Eg drøymer om fast jobb, seier han og fortel at han lettare lærer norsk på denne måten enn i språkopplæring på skulen.

Riktige verktøy

Hauglie seier hennar jobb er å skaffe NAV dei verktøya som skal til for at fleire arbeidsgivarar tar ein sjanse som Indre Sogn Bil.

– Me har sett over tid at særleg unge menn vert skyvd ut og vert utkonkurrert av arbeidsinnvandrarar. Me er opptekne av at færre havnar i passivitet gjennom tiltak som på Gamleskulen med ein ny ungdomsinnsats mot alle under 30 år. Då er lønstilskot og andre ting noko eg må putte i NAV si verktøykasse. Dette er eit godt døme på kva ein kan oppnå når NAV og arbeidsgivar samarbeider, seier ho.

Til toppen