FESTIVAL: Mange deltok på årets Fjell og fjordmoro festival. Foto: Bård Basberg
FESTIVAL: Mange deltok på årets Fjell og fjordmoro festival. Foto: Bård Basberg

Haustens råaste fjellfestival

Festivalen Fjell og fjordmoro blei denne helga arrangert i Sogndal. 

Sogndal: Denne helga blei den årlege festivalen Fjell og fjordmoro arrangert i Sogndal. Under festivalen kan ein blant anna padle i sognafjorden, klatre i klatrefeltet på Kvam, stå på vannski eller springe i motbakkeløp.  

Festivalen har som mål å syna fram all moroa ein kan ha i sognanaturen, og det skal vere ein festival med noko for alle nivå.

Fjell og fjordmoro skal vere ein festival både for voksne og born. Det er derfor laga til skogsturar og mindre konkurransar, som borna kan delta på.  I tillegg tilbyr dei både barnesykling og barneklatring.

Artikkelen held fram under biletet

MORO: Borna deltok også under festivalen Fjell og fjordmoro.
MORO: Borna deltok også under festivalen Fjell og fjordmoro.

Årets fjell og fjordmoro

Festivalsjef Ina Vikøren kan fortelle at årets Fjell og fjordmoro har gått veldig bra.

- Festivalen har vore heilt super og det har gått heilt smertefritt. Eg vil gjerne rose alle frivillige, me er avhengig av dei for å få dette til.

Ho fortel vidare at det har vore mange deltakarar under årets festival.

- Blant anna trakk konserten med Staut til seg mange folk. Me solgte veldig mange billettar til den konserten.

Artikkelen held fram under bilete

KONSERT: På kvelden var det konsert.
KONSERT: På kvelden var det konsert.

Vikøren synast at festivalen var veldig vellukka og at det har vore ei morosam helg.

- Alt har vore moro under festivalen, men det var spesielt kjekt å få vere med å opne fjordstien saman med ordføraren.

Nytt av året er ei eiga miljø og bærekraftigruppe.

- Vi brukar naturen som hovudarena for eit organisert frilufts- og kulturliv. Det er derfor viktig å gjere dette på ein så miljøvennleg måte vi klarar. Vi tek hensyn til grunneigars interesse, finn alternative ruter til sykling som ikkje slit like mykje på underlaget, minimerar potensielt søppel, nyttar lokal mat og ressursar i tillegg til at dekor etc. har eit sterkt gjenbruksfokus. Vi kan ikkje berre leike i naturen, vi må også ta vare på den.

Artikkelen held fram under bilete

QUADRATLON: Her skulle dei symje 200 meter.
QUADRATLON: Her skulle dei symje 200 meter.

Dugnadsånd

Festivalen er avhengig av ei god dugnadsånd og Vikøren er glad for at dugnadsviljen er sterk under Fjord og fjellmoro.

- Dugnadsånden for å få dette til har vore heilt fantastisk. Me set stor pris på alle frivillige som har vore med på festivalen, avsluttar ho. 

Til toppen