BERGA: Også helga 24.-25.september i år blir det Haustmarknad i Lærdal. Men det var så vidt. Her frå fjorårets utgåve. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
BERGA: Også helga 24.-25.september i år blir det Haustmarknad i Lærdal. Men det var så vidt. Her frå fjorårets utgåve. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Jan Christian Jerving)

Haustmarknaden berga i tolvte time

Lærdal kommune veit ikkje kvar dei skal finna 100 000 kroner å stø marknadsnemndi med, men gav garantien dei måtte ha for å starta førebuingane av Haustmarknaden.

Lærdal: – Formannskapet kan ikkje trylla, men må få til dette. Det har me skjønt i dag, sa Jan Geir Solheim under torsdagens formannskapsmøte i Lærdal.

Då hadde han og dei fire andre representantane i formannskapet høyrd Astrid Trulsen og Jon Tamnes frå marknadsnemndi fortelja om ståa ein månad før Haustmarknaden. Den stod i fare for å bli avlyst då formannskapsmøtet starta.  

Søkte om 100 000 kroner - fekk ikkje pengane i første omgang

Lærdalsmarknaden i juni og Haustmarknaden i september fekk føregåande kommunestyreperiode 75 000 kroner årleg i stønad. Då marknadsnemndi søkte om stønad for inneverande periode, frå og med 2016 til og med 2019, søkte dei om 100 000 kroner, altså ein auke på 25 000. Dette med grunngjeving hovudsakleg i at ein tredje marknad hadde kome til - Julemarknaden - som for første gong vart arrangert i 2014.

Då søknaden skulle opp til politisk handsaming var innstillinga frå rådmannen negativ - kommunen hadde ikkje pengar til å stø dei tre marknadane med 100 000 kroner årleg i denne perioden. Politikarane hamna ikkje på nokon konklusjon rundt dei omsøkte pengane, og bestemde seg for å ta marknadsnemndi inn på eit formannskapsmøte før dei kom til ei avgjerd.

Dette fann stad under formannskapsmøtet torsdag. Bodskapen til marknadsnemndi ved leiar Astrid Trulsen og styrerepresentant Jon Tamnes om at dei vurderte det som økonomisk uforsvarleg å rulla i gang Haustmarknaden utan garanti om kommunal stønad, skapte bekymring hjå politikarane.

– Det er forferdeleg viktig å finna ei løysing her, både på kort og lang sikt. I dag skjønar eg de frå nemndi først og fremst er interesserte i å få ein garanti for stønad i år så de kan få gjennomført Haustmarknaden no. Så er jo dette todelt der ein på lengre sikt må skapa eit levedyktig produkt, men den biten trur eg me skal koma attende til, sa Kåre Mentz Lysne (AP).

Meiner næringslivet kan bidra meir

GARANTI: Formannskapet i Lærdal garanterte for at marknadsnemndi får ein stønad på 100 000 kroner for 2016. F.v.: Frode Myklebust (V), Gro Starheimsæther (SP), ordførar Jan Geir Solheim (SP), Annike Vangberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (AP).
GARANTI: Formannskapet i Lærdal garanterte for at marknadsnemndi får ein stønad på 100 000 kroner for 2016. F.v.: Frode Myklebust (V), Gro Starheimsæther (SP), ordførar Jan Geir Solheim (SP), Annike Vangberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (AP).

Ordførar Solheim var på same sporet.

– Marknadane er utruleg viktige for Lærdal - dei er både merkevarbyggjarar, tradisjon og noko heile samfunnet er glad i. De friviljuge som står bak gjer ein heilt fantastisk jobb, det er berre å ta av seg hatten. Alle me rundt bordet vil få til dette, men er i ein lei situasjon ettersom me slit med å finna pengar.

Vidare meinte han at næringslivet må bidra meir for å gjera marknadane berekraftige på sikt:

– Næringslivet har veldig god omsetnad desse dagane, men bidreg kanskje ikkje i same grad inn att. Det er ingen kritikk, men me må sjå i den retningen, få med fleire på laget og skapa trygge vilkår så marknadane blir arrangerte i lang, lang tid framover.

– Me håpar jo den skal halda fram også etter at me har gitt oss, kommenterte Astrid Trulsen.

Pressa til betre prosess?

Frode Myklebust (V), for høvet vara for Trond Øyen Einemo (H), meinte ein også kanskje måtte sjå på ambisjonsnivået for marknadane.

– No har me Lærdalsmarknaden i juni som er den største og viktigaste, Haustmarknaden i September som byrjar å bli tradisjon og Julemarknaden i november, som er ny og spennande. Ambisjonsnivået med tre marknader går det an å sjå på. Me må berre få ein prosess opp og gå.

Kåre Mentz Lysne meinte det gjekk an å sjå positivt på situasjonen:

– Me kan ikkje sitja og lura på korleis me skal finna pengar kvart år. Kanskje var det greitt å koma i uføre så me blir pressa til å få ein betre prosess framover som gjer marknadane levedyktige? Uansett meiner eg me må gje ein garanti for i år.

INVITERTE: Dei alvorlege minene til Astrid Trulsen og Jon Tamnes i marknadsnemndi vart bytte ut med breie smil etter torsdagens formannskapsmøte.
INVITERTE: Dei alvorlege minene til Astrid Trulsen og Jon Tamnes i marknadsnemndi vart bytte ut med breie smil etter torsdagens formannskapsmøte.

– Då inviterer eg til Haustmarknad

Ordførar Solheim var einig og føreslo å stø marknadsnemndi med 100 000 kroner for 2016. Formannskapet for øvrig hadde ikkje noko å seia på det og spelte ballen over til rådmann Alf Olsen.

– Når de vil gje ein garanti så må me berre gjera det. Eg veit ikkje kvar me skal finna pengane her og no, men det får me få til internt. Vidare er det openbart at Lærdalsmarknaden har eit utviklingspotensiale - det er kanskje det viktigaste arrangementet i bygda i året. Då må det vera ein langsiktig utviklingsprosess i botn. 

Såleis vart formannskapet einige om å starta eit forprosjekt som skal vera ferdigstilt til januar 2017. Dette med føremål om å leggja grunnlag for at Lærdalsmarknaden lever vidare på lengre sikt.

– Då inviterer eg til Haustmarknad, avslutta Astrid Trulsen.

Nemndi legg også opp til Julemarknad i år. Om alle dei tre marknadane blir arrangerte i framtida vil til dels stå og falla på vurderingane i prosjektet formannskapet sette i gang.

Til toppen