TRADISJON: Haustmarknaden i Lærdal gjekk av stabelen denne helga. Både små og store trassa regnet for å sjå kva marknaden hadde å by på. (Foto: Jan Christian Jerving )
(Foto: Steinar Kvigne)
(Foto:  Jan Christian Jerving)
(Foto: Jan Christian Jerving )
(Foto: Steinar Kvigne)
(Foto:  Jan Christian Jerving)
(Foto: Steinar Kvigne)
(Foto:  Jan Christian Jerving)
(Foto:  Jan Christian Jerving)
(Foto: Steinar Kvigne)

Haustmarknaden i Lærdal: Sjå bildegalleri

Fersk frukt og grønt og heimelaga bakst freista sogningane til ein tur inn i historisk marknad.

Lærdal: Tradisjonen tru vart Haustmarknaden arrangert på Gamle Lærdalsøyri denne helga. 

Blant dei gamle trehusa og dei smale gatene på øyri, trassa seljarar, utstillarar og nysgjerrige sogningar regnet for å delta på marknaden. 

Astrid Trulssen, leiar i marknadsnemndi, skryt stort av sogningane som møtte til trass for regnvêret. 

– Eg er veldig nøgd. Eg tykkjer folk var veldig flinke å koma sjølv om vêret ikkje såg så fint ut på meldingane. Det vart jo ikkje så mykje regn som det såg ut til å bli, seier Astrid Trulssen, leiar i marknadsnemndi. 

Tradisjonsrik marknad

Marknaden er ein tradisjon i Lærdal, og merkar overgongen frå sommar til haust. Sesongens frukt, bær, poteter og grønsaker samt fersk bakst pryder marknaden. 

Lærdalsmarknaden som vert arrangert kvart år om sommaren, fylte i år 36 år. Trulssen seier at ho ikkje kan hugsa det spesifikke året haustmarknaden først var arrangert, men reknar seg fram til at han må vera nesten 30 år gamal.

– Han har vore så lenge så eg er med, trur eg, og det er 30 år neste år. Han er ein generasjon gamal. 

Trulssen: – Seljarane har fast plass på marknaden

Til haustmarknaden kjem det reisande seljarar og utstillarar frå heile landet, i tillegg til dei lokale, og ifølgje Trulssen er det mange som kjem att år etter år. 

– I år var det totalt 68 påmelde seljarar og utstillarar. Me har nokre trufaste seljarar som kjem att år etter år som har vore med oss lenge, og dei har fått sine faste plassar som dei står på kvart år, slik at kundane finn dei att, ler ho. 

Ho fortel at staden marknaden vert arrangert på gjev ein historisk effekt. 

– Me er så heldige med plassen me arrangerer marknaden på. Dei gamle husa og dei trange gatene rundt oss gjer at det blir ein stemning som ikkje går an å skapa på noko anna vis. Det er nesten som å gå inn i historien.

Trulssen opplyser at marknadskomitéen allereie er i full sving med å førebu julemarknaden i november, som ho sjølv håpar og trur kan bli like stor som haustmarknaden.

Til toppen