FIN GJENG: Denne gjengen fekk prøve seg på boblefotball i Storhallen i Sogndal.
FIN GJENG: Denne gjengen fekk prøve seg på boblefotball i Storhallen i Sogndal. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Haustmoro: Her får ungane teste den noko spesielle sporten boblefotball

Ferietilbodet haustmoro i Sogndal ser ut til å ha blitt ein slager, i år har det vore fulle lister på dei fleste aktivitetane.

Sogndal: Haustmoro er arrangert av ungdomsavdelinga i Sogndal kommune og er eit ferietilbod for ungar frå 5.-8. klasse.

– Det har vist seg å vere veldig populært i år, seier Tonje Solberg, tilsett for å arrangere Haustmoro.

HAUSTMORO: Anne Marthe Kvale og Tonje Solberg er to av dei som står bak arrangementet.
HAUSTMORO: Anne Marthe Kvale og Tonje Solberg er to av dei som står bak arrangementet.

Frå måndag til fredag denne veka har ungar fått oppleve fjordsightseeing med RIB-båt, tur til klatreparken på Voss, boblefotball og klatring i sognehallen, natursti og matlaging ute.

– Eg trur det er veldig kjekt å oppleve nye ting i ferien, i år har vi fokusert på aktivitetar som du kanskje ikkje får gjort ellers, seier Solberg.

– Eg trur det er ekstra viktig for dei litt yngre til å ha ein plass å gå til når foreldra er på jobb, seier Anne Marthe Kvale i ungdomsavdelinga i Sogndal kommune.

Til boblefotballen hadde heile 43 ungar meldt seg på. Fleire var det ikkje plass til.

– Det som er spesielt i år er at ungar heilt ned til 5. klasse kan vere med. Det har det blitt fulle lister av, vi har fleire av dei yngste enn dei litt eldre. Og så er det kjekt at dei kan bli kjent med kvarandre på tvers av klassar og aldersgrupper, seier Solberg.

Til toppen