UTBREND: Havarikommisjonen har undersøkt tunnelbrannen i Fjærland i 2017.
UTBREND: Havarikommisjonen har undersøkt tunnelbrannen i Fjærland i 2017. (Arkiv: Jo Marius Bøyum.)

Rapport: Rekkverk langs tunnelveggen kunne ha hjelpt folk å rømma

Fleire personar fekk alvorlege røykskader då dei måtte flykta til fots under brannen i Fjærlandstunnelen i 2017. Havarikommisjonen meiner fleire konkrete grep kan minska faren i framtida.

Sogndal: Tretten personar blei fanga i tjukk røyk då ein feiebil tok fyr i Fjærlandstunnelen april 2017. I ein rapport som vart offentleggjort fredag, peikar havarikommisjonen på fleire grep som kunne ha minska faren når ulukka først var ute.

– Undersøkinga har vist at tunnelen si tryggleiksutrusting, byggherren si planlegging og entreprenøren si gjennomføring av reinhaldsarbeida, ikkje i tilstrekkeleg grad tok hand om, eller la til rette for sjølvredningsprinsippet, skriv dei.

Prinsippet er ein del av den statlege strategien ved tunnelulukker, og går ut på at trafikantane skal greia å koma seg ut sjølve, til fots eller i køyretøy.

Flykta til fots

Brannen starta då feiebilen var i ferd med å reingjera i Fjærlandstunnelen, og oppstod truleg som følgje av ein lekkasje i hydraulikksystemet.

Under arbeidet gjekk trafikken gjennom tunnelen i kolonner med leiebil. Då brannventilasjonen blei skrudd på, blei ei kolonne med til saman åtte køyretøy fanga i røyken. Kolonna greidde ikkje å snu, og dei som var i bilane måtte evakuera til fots. Fleire av dei fekk alvorlege røykskadar.

Etter undersøkinga føreslår Havarikommisjonen fire grep for å auka tryggleiken.

Dette er tilrådingane:

  1. Statens havarikommisjon for transport tilrår at Statens vegvesen etablerer fysiske leiesystem for evakuerande trafikantar, i både eksisterande og prosjekterte vegtunnelar. Undersøkinga frå denne og tidlegare brannar har vist at trafikantar fort mister all sikt og har problem med å orientera seg i røykfylte tunnelar. Difor blir ofte tunnelveggen brukt som referanse for å finna vegen ut. Eit fysisk leiesystem på tunnelveggen, til dømes ei handlist, vil difor vera til stor hjelp. 
  2. Dei tilrår at vegvesenet lagar eigne planar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø, eller reviderer gamle, slik at dei blir betre tilpassa arbeid i tunnel. Undersøkinga avdekte nemleg at vegvesenet hadde ein generell plan for alle arbeidsoperasjonane på den aktuelle driftskontrakten. Risikovurderingane i planen omhandla tilhøve som ikkje var relevante for arbeida i Fjærlandstunnelen. Brann i tunnel ikkje var identifisert som ein risiko. 
  3. Dei tilrår at vegvesenet tek med arbeid i tunnel og evakuering som særskilde punkt i rettleiinga til utfylling av risikovurderingar i arbeidsvarslingsplanar. Undersøkinga av tunnelbrannen avdekte at arbeidsvarslingsplanen ikkje tok føre seg brann i køyretøy, eller tiltak for å evakuera trafikantar .
  4. Dei tilrår at vegvesenet reviderer handbøker som omhandlar tunnelarbeid, slik at desse óg omtalar føresetnadar for sjølvredningsprinsippet ved styrt trafikkavvikling. Mellom anna saknar havarikommisjonen krav til kommunikasjon mellom leiebilføraren og dei som jobbar i og utanfor tunnelen, og krav om ein evakueringsplan. 
Til toppen