KJEDEKOLLISJON: Glatt veg gjorde at fem førarar mista kontrollen og kolliderte i kvarandre på E16 i Lærdalsdalen i april.
KJEDEKOLLISJON: Glatt veg gjorde at fem førarar mista kontrollen og kolliderte i kvarandre på E16 i Lærdalsdalen i april. (Foto: Sondre Dalaker/NRK)

Havarikommisjonen: Vegen var salta føremiddagen før ulukka

Statens havarikommisjon vil finna ut om kjedekollisjonen i Lærdal kunne ha vore hindra.

Lærdal: I dag offentleggjorde Statens havarikommisjon at dei vil undersøka kjedekollisjonen i Lærdal i april.

– Det gjekk heldigvis ingen liv tapt, men det er litt tilfeldig tenkjer me. Difor ønskjer me å finna ut kvifor dette skjedde og om noko kunne ha vore gjort for at ulukka kunne vore unngått, seier Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon for transport.

(Videoen under viser kor såpeglatt det var på ulukkesdagen. Artikkelen held fram under)

Kom uventa på

Fire vogntog og ein varebil mista kontrollen på glatta og køyrte i kvarandre på E16 i Lærdalsdalen natt til 6. april. Det første vogntoget saksa og sperra vegen. Køyretøya som kom etter greidde ikkje å stoppa.

Sjåføren av varebilen vart hardt skada, medan ein av vogntogsjåførane fekk moderate skader etter ulukka.

Les òg: «Åi» seier lastebilsjåføren – tolv sekund seinare smell det

Havarikommisjonen skriv på sine nettsider at vegen hadde blitt salta på ettermiddagen før ulukka. Likevel hadde ein strekning på omlag ein kilometer blitt dekka av is utover kvelden, og var langt glattare enn vegen var før og etter.

– Ingen av trafikantane oppfatta dette før dei mista kontrollen. Det er eit viktig moment i denne saka, i tillegg til skadepotensialet, seier Mellum.

Til toppen