Sogn og Fjordane: – Me er positive til å få med éin eller fleire langsiktige eigarar. Det er viktig å finna nokon som kan sitja gjennom konjunktursvingingar, sjølv om det kjem nokre dårlege år på børsen, seier viseadministrerande direktør i Havila, Vegard Sævik, til Dagens Næringsliv.
Avisa opplyser at selskapet til Johan H. Andresen, Ferd, har vorte kontakta og vist interesse. Ferd har tidlegare kjøpt 38 prosent av reiarlaget Fjordline. For Havila er børsnotering òg aktuelt.
Havila meiner fylkeskommunen har unngått forkjøpsrett, og vil difor gå til rettssak. Saka er tidsett til 29. august.
– Selskapet har ikkje godt av at to eigarar slåst i retten. Eg håpar dei finn ei løysing innan kort tid. Personleg trur eg det er eit godt alternativ med solide eigarar heimehøyrande på Vestlandet, seier styreleiar Pål W. Lorentzen.
Les også: – Totalvurdering gjer at me ikkje ankar
Fjord1 hadde i 2015 driftsresultat på 479 millionar kroner, og har om lag 50 prosent av ferjemarknaden. Over halvparten av sambanda skal på anbod dei neste to åra, inkludert alle i (©NPK) Hordaland