REDDA I SISTE LITEN: Havila Shipping har ei gjeld på 5,6 milliardar kroner. I dag vart selskapet berga frå konkurs. Havila Shipping er datterselskap av Havila Holding, på same måte som den nye Fjord1-eigaren Havilafjord. Per Sævik (innfelt) er dagleg leiar for alle tre. Foto: arkiv.

Havila unngjekk konkurs

Det gjeldstyngde Havila Shipping vart berga frå konkurs i den ellevte timen, skriv Dagens Næringsliv.

  • Endret

(NPK): I minutta etter at redningspakken var på plass, steig verdien på Havila Shipping-aksjen med ikkje mindre enn 46 prosent.

Offshorereiarlaget i Fosnavåg på Sunnmøre har gjeld på 5,6 milliardar kroner og har i over eitt år arbeidd med å få i stand ein avtale med kreditorane. Bankane, som eig brorparten av gjelda, varsla torsdag at dei kom til å krevje Havila slått konkurs dersom ikkje obligasjonseigarane gjekk med på ein krisepakke, som obligasjonseigarane førre veke gjekk imot.

Måndag snudde dei og redda dermed Havila frå konkurs.

Les også: Sogn og Fjordane uroleg for Fjord1-salet

Krisepakken inneber mellom anna at bankane flyttar fram forfalla, samtidig som Havila får sletta ein del av obligasjonsgjelda og omgjort resten til eigenkapital. Havila må òg selje ein tredel av skipa sine. I tillegg skyt aksjonærane med Sævik-familien i spissen inn ny kapital i reiarlaget.

Med det blir den netto renteberande gjelda redusert frå 5,2 til 3,7 milliardar kroner, ifølgje Havila.

Til toppen