VARIERT: I tre dagar har Nasjonalparkfestivalen bydd på alt frå havkajakkpadling til naturfotokurs. Foto: Privat. 
VARIERT: I tre dagar har Nasjonalparkfestivalen bydd på alt frå havkajakkpadling til naturfotokurs. Foto: Privat. 

Havkajakk, fotokurs, fjelltindar og «Dr. Philgoodkveld»

Nasjonalfestivalen er i gong for fullt. 

Årdal: Dei siste tre dagane har Nasjonalparkfestivalen arrangert alt frå føredrag om kvinner i fjella til fotokurs for naturelskarar. 

– Sigri Sandberg hald eit spennande føredrag om klatrekvinnene tidleg i historia. Ho synte bilete som klart viste at det var store forskjellar på menn og kvinner til fjells, fortel Frank Eldegard, arrangør av festivalen. 

Les også: Lagar fest av natur og kultur

Kvinnene gjekk med kjole, hatt og stav, medan mennene gjekk framover med isøkser og betre utstyr. 

– Det var utruleg artig å høyre på, fortel Eldegard. 

Klatrefamilie av dimensjonar 

På onsdag starta Nasjonalparkfestivalen i Årdal med temaseminar. Finalistane til naturfotokonkurransen der tema var «Stemning» vart også presentert. ​

– Me fekk inn nokre meget kompetente og gode føredragshaldarar på onsdag, seier Eldegard. 

I anledning 140 årsjubileum for W. C. Slingsby's bestigning av Storen vart det haldt føredrag om denne klatrepioneren. 

KAJAKK: Bulder&Brak hadde kurs i havkajakk på torsdag. Påmeldingslista var full. 
KAJAKK: Bulder&Brak hadde kurs i havkajakk på torsdag. Påmeldingslista var full. 

– Me fekk inn Knut Tønsberg som har ein klatrefamilie av dimensjonar. Bestefaren hans var den første formannen i Norsk Tindeklub. Han sit på detaljar frå alt som skjedde tidleg i klatrehistoria. Det var spennande å høyre omfanget av det heile, forklarar Eldegard. 

Flinke og dedikerte folk

Torsdag ettermiddag var det duka for naturfotokurs framme i dalen i regi av naturelskaren Bjørn Bergum. 

Tidlegare på dagen hadde paret i det nyoppstarta selskapet Bulder&Brak kurs i Havkajakk. Det var fullbooka med folk og flotte forhold på vatnet mellom Øvre og Tangen. 

KURS: Bjørn Bergum haldt naturfotokurs på torsdag.
KURS: Bjørn Bergum haldt naturfotokurs på torsdag.

Les også: Tilgang på absolutt alt eit friluftsmenneske kan drøyme om

– Dei var heldige med forholda. Det var dyktige og dedikerte folk som var med og dei kunne derfor ta med dei påmeldte langt ute på Årdalsvatnet. Eg trur dei hadde det kjekt dei som var med, sjølv om nokon var ganske så blaute også, seier Eldegard. 

BLAUT: Nokre av deltakarane hamna i Årdalsvatnet under kajakkurset.
BLAUT: Nokre av deltakarane hamna i Årdalsvatnet under kajakkurset.

To til tre stykkjer av dei påmeldte fekk erfare korleis det er å gå rundt i kajakk. 

– Men det er vell ein del av erfaringa det også, seier Eldegard. 

Vil inspirere og motivere 

Tore F Lie frå filmproduksjonsselskapet Falketind. 
Tore F Lie frå filmproduksjonsselskapet Falketind. 

På Svalheim Gard inviterte Kristoffer Nystedt til «Dr. Philgoodkveld» med matservering og føredrag av Tore F Lie frå filmproduksjonsselskapet Falketind. 

– Det var utruleg triveleg. Målet er at folk skulle få ein hyggeleg kveld med inspirasjonog motivasjon til å realisere kvardagsdrøymane sine, seier Nystedt. 

Omlag 30 personar deltok. Noko som var perfekt for Nystedt sidan han ønskja å skapa ein intim stemning blant dei frammøtte. 

– Det skal vera kort veg mellom føredragshaldaren og publikum, kontra det å sitta i ein kinosal. På denne måten vert det ein varmare atmosfære og det er akkurat det me søker. Me var veldig nøgde med at det kom så pass mange. Neste gong håpar eg fleire tek turen, seier Nystedt. 

TUR: I desember 2014 var Tore F. Lie med på å segla til den Antarktiske halvøya for å gå toppturer der i regi av guidefirmaet Breogfjell. 
TUR: I desember 2014 var Tore F. Lie med på å segla til den Antarktiske halvøya for å gå toppturer der i regi av guidefirmaet Breogfjell. 

Torsdagens føredragshaldar var Tore F. Lie som bur i Sogndal og driv til dagleg filmproduksjonsselskapet Falkeblikk. Både med jobben og på fritida brukar Lie mykje tid på å dra på tur, både i nærmiljøet og på lengre ekspedisjonar.

– I desember 2014 var han med på å segla til den Antarktiske halvøya for å gå toppturer der i regi av guidefirmaet Breogfjell. Han fortalte blant anna om det å førebu seg til ein krevjande tur, gjennomføringa av turen og dei fantastiske opplevingane, seier Nystedt. 

Noko ekstraordinært

Kvar månad framover skal Nystedt invitere folk heim på garden på Svalheim for å høyre på spennande og ekstraordinære føredragshaldarar. 

– Neste gong skal Eskil Rønningsbakken kome å halde eit interessant føredrag om balansekunst, stadene i verda han har oppdrett og menneska han har møtt. Til dømes vart han ein gong flydd inn for å halde ein privat framsyning til Saddam Hussein, fortel Nystedt. 

Les også: Her henger Eskil 275 meter over bakken utan sikring

Dette føredraget skal haldast 8. juni. Rønningsbakken gjennomførte i fjor eit balansestund på Vettisfossen. 

– Han er veldig stor i Midtausten og Asia. Det var fantastisk i fjor, så eg håpa mange tek turen i år også, avsluttar Nystedt. 

 

Til toppen