Hyllestad: Skipsverftet i Leirvik vil redusere verftet til eit reint reperasjonsverft i løpet av 2021, melder New Havyard Ship Technology i ei pressemelding.
Nedbemanninga skal gå føre seg i løpet av 2021 og vil gjere at 100 tilsette må gå.
Verftet er ei hjørnesteinsbedrift i Hyllestad kommune og har til saman kring 400 tilsette.
Verftet har slite økonomisk tidlegare og vart hardt råka av koronaviruset då 101 utanlandske arbeidarar testa positivt i september.
Konsernsjef Gunnar Larsen seier at det har vore ei vanskeleg avgjerd fordi dei veit kor viktig verftet er for både dei tilsette og regionen.
– Men det er naudsynt å bli eit reperasjonsverft for å behalde så mange jobbar som mogleg, seier Larsen i pressemeldinga.
Ifølgje Larsen vil marknaden for nybygging vere utfordrande i framtida og samstundes er servicedelen lønsam. Dette er bakgrunnen for den strukturelle endringa ved verftet.
Verftet har seks nybygde båtar som skal fullførast i 2020 og 2021. Nedskaleringa av verksemda vil gå føre seg i samband med at prosjekta vert fullførte.