HEALER: Healer Knut Robert England meiner han kan gå tilbake tilbake til tidlegare liv og hjelpe folk med å kvitte seg med plagar i noverande liv. – I utgangspunktet kan eg ikkje gjere noko. Som healer kan eg aldri love eller garantere at eg kan hjelpe nokon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HEALER: Healer Knut Robert England meiner han kan gå tilbake tilbake til tidlegare liv og hjelpe folk med å kvitte seg med plagar i noverande liv. – I utgangspunktet kan eg ikkje gjere noko. Som healer kan eg aldri love eller garantere at eg kan hjelpe nokon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Healeren

Då han heldt hendene på og ved hovudet, oppdaga han at hovudverken vart lettare. No brukar han evnene sine til å hjelpe andre.

Årdal/Høyanger: – I utgangspunktet kan eg ikkje gjere noko. Som healer kan eg aldri love eller garantere at eg kan hjelpe nokon. Det er veldig viktig å få fram. Det eg kan love, er at eg alltid vil gjere mitt beste.

Knut Robert England sit på «kontoret» sitt i Øvre Årdal. England bur i Høyanger, men flyttar av og til praksisen sin inn i fjorden for å møte klientar han har i Indre Sogn. 

Han er rask med å understreke at han aldri kan garantere at han kan hjelpe. 

Med denne klargjeringa unnagjort byrjar han å fortelje om eigenskapane sine, som ein nesten kan seie at han oppdaga ved ei tilfeldigheit. England var plaga med voldsom hovudverk då han byrja å ta på hovudet sitt.

– Migrene er berre førenamnet på denne typen hovudverk. Det eg oppdaga då eg brukte hendene og heldt dei på og ved hovudet, var at verken vart lettare. Han forsvann ikkje, men vart lettare. Eg klarte aldri å ta det heilt vekk. Etter kvart byrja eg å bruke dette på vener og kjende. På den tida skulle ein helst ikkje snakka om det alternative, så det vart med dei, seier han.

Ein hobby

Heile tida har England vore nysgjerrig på det alternative – på healing og det som har med energi å gjere. 

– Eg har vore mykje ute og reist for å stilna mi eiga nysgjerrigheit. Eg brukar mest min eigen metode der eg flettar inn andre teknikkar. Nysgjerrigheita har dradd meg mot det som heiter medium, som er kontakten med den andre sida. Eg har vore ein del i Sverige og lært mykje på kurs der. No er eg godkjend og sertifisert medium i Sverige.

Langs veggen står fleire bevis på at han også er sertifisert regresjonsterapeut og dyrekommunikatør. England er også godkjend healer av Det Norske Healerforbundet. 

– Det er viktig for meg å vise at eg er seriøs, seier han, men kallar det han driv med for ein hobby.

– Dette er ikkje noko eg må gjere, men noko eg har lyst til. Per definisjon er dette ein hobby som eg likar veldig godt.

Klientar av alle slag

Som healer prøver England å hjelpe klientane sine med plagar dei kjem med. Alt frå born til godt vaksne besøker han. Til og med legar har lege på benken. Plagane dei kjem med kan vere både fysiske og psykiske. Andre kjem berre for å få påfyll av energi, som han kallar det.

– Eg har alltid vore interessert i det tidlegare livet, og det er noko eg trur på. Dette med regresjon handlar om å føre klientane tilbake til tidlegare liv. Viss det til dømes er noko som plagar dei, kan ein finne igjen ting i tidlegare liv som er årsaka til det og klippe snora, forklarar han.

– Vidare har eg også vore interessert i healing av dyr, og eg har heala alt frå hundar og kattar til hestar. Også her har eg vore mykje i Sverige, der me besøkte gardar og prøvde å kommunisere med dyra. 

Eigenskapane er mange. Han driv også med husrens. Seinare same dag skulle han til eit hus på Kaupanger. 

– Kva er det du ser når du hjelper klientane?

– Når eg går tilbake til tidlegare liv, så kan eg anten få klienten inn i ein transeliknande situasjon, slik at klienten fortel om det tidlegare livet. Det er vanskeleg å få til. Ein annan metode er at eg går inn i ein transe og klarar å få tak på minnet til klienten. Når eg let att augo mine då, så er det akkurat som om det snurrar ein film på netthinna som eg då fortel frå. 

Møter skeptikarar

– Kva med skeptikarane. Kva seier du til dei?

– Det er nokon som kan vere ute for å såre meg litt, men det har eg lært meg å leve med. Eg veit at skeptikarane er der. Folk må få meine kva dei vil. Det er heilt greitt at nokon er skeptiske, svarar han.

– Det kan argumenterast for at du brukar spesielle intervjuteknikkar og les reaksjonane til dei du snakkar med. Kva seier du til det?

– For meg fungerer det ikkje slik. Klienten ligg på benken, og eg held dei i handa. Dei har alltid eit tørkle over ansiktet, så eg kan ikkje lese av uttrykka deira. I rommet er det alltid ein opptakar som tar opp alt som blir sagt. Dei som ønskjer, kan få med seg dette på ein CD. 

Skal ikkje kome i staden for skulemedisin

Skeptisk eller ei, England presiserer likevel at det han driv med er eit alternativ og aldri skal kome i staden for skulemedisin. 

– Eg er veldig klar på at healing og alternativ behandling aldri skal kome i staden for skulemedisin. Det er viktig for meg å presisere og ha det veldig klart. Viss eg oppdagar at nokon er sjukare enn dei sjølve trur, anbefalar eg dei alltid å gå til lege, legg han til.

Til toppen