SØKER PERMISJON: Aleksander Øren Heen (Sp) er tilsett som politisk rådgivar for Senterpartiets stortingsgruppe med ansvar for samferdsle og søker permisjon frå alle verv i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SØKER PERMISJON: Aleksander Øren Heen (Sp) er tilsett som politisk rådgivar for Senterpartiets stortingsgruppe med ansvar for samferdsle og søker permisjon frå alle verv i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Heen blir politisk rådgivar for Senterpartiet

Aleksander Øren Heen (Sp) tar dermed pause frå lokalpolitikken, men kjem til å halde fram på fylkesnivå.

Årdal: Heen og Senterpartiet gjorde eit brakval i Årdal i haust og kapra nesten ordførarvervet. Snaue seks månadar seinare søker han no om permisjon frå verva sine i kommunen, skriv NRK.

Politikaren er tilsett som politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe med ansvar for samferdsle. Vikariatet varer frå mars og ut året.

Som rådgivar for samferdsle, kjem 26-åringen til å jobbe mykje med Nasjonal Transportplan. 

– Det er klart det er lettare å påverke når ein sit tett på, enn om ein sit utanfor. Så eg håpar at eg kan bidra både for Sogn og Fjordane sin del, men og for heile landet sjølvsagt, seier han til NRK.

Heen er også aktiv politikar i fylkespolitikken, og her kjem han til å halde fram, men lokalt må gruppa hans klare seg utan den røynde politikaren i ein periode.

– Eg er sikker på at dei kjem til å handtere dette veldig godt desse månadane dette kjem til å vare. Dessutan så er det ikkje berre uerfarne folk. Det er folk som har vore i kommunestyre og formannskap tidlegare i den gruppa, slik at det er eg ikkje uroa for.

Til toppen