DEMONSTRERTE: Frå Årdal tok både Aleksander Øren Heen (t.v, Sp) og Hilmar Høl (Ap) turen til Oslo for å demonstrera tysdag. Dei demonstrerte mot at Noreg skal slutta seg til EU sin energiunion ACER.
DEMONSTRERTE: Frå Årdal tok både Aleksander Øren Heen (t.v, Sp) og Hilmar Høl (Ap) turen til Oslo for å demonstrera tysdag. Dei demonstrerte mot at Noreg skal slutta seg til EU sin energiunion ACER.

Heen: – Eg trur grasrota til Ap er meir samde med Sp i dette spørsmålet enn med Barth Eide

Aleksander Øren Heen (Sp)  og Hilmar Høl (Ap) tok begge turen frå Årdal til Oslo tysdag for å demonstrera mot ACER framom Stortinget. 

FRYKTAR FOR INDUSTRIEN: Både Aleksander Øren Heen og Hilmar Høl fryktar at norsk industri vil mista eit viktig konkurransefortrinn om me vert me i ACER. Dei fryktar at ein ACER-medlemskap vil tvinga opp straumprisen i Noreg.  
– Det var bra oppslutning frå mange kraft- og industrikommunar og fagforeningar, og mykje engasjement, seier årdalpolitikaren Aleksander Øren Heen (Sp), rådgjevar på Stortinget. 
 
– Kva trur du det har å seia for landet om Noreg tilsluttar seg ACER?
 
– Eg er redd me mistar høvet til å styra avgjersler som gjeld krafta vår nasjonalt.
 
Han fryktar at EU vil leggja føringar på norsk kraftpolitikk, blant anna ved å tvinga Noreg til å byggja nye kraftliner for å føra energi over til kontinentet. 
 
– Eg er bekymra for at dette vil føra til høgare kraftprisar. Men attåt denne bekymringa er det ei prinsipiell side. Og det er om me skal la EU bestemma over eit so viktig spørsmål som styringa av vasskrafta vår, seier Heen.  
 

Overraska over at Ap og Barth Eide set EU sine behov fyrst

– Espen Barth Eide seier ACER handlar om å få til ein betre regulert marknad mellom dei europeiske landa. Han seier at felles straumliner mellom landa bidreg til det grøne skiftet ved å frakta fram grøn energi. Vil ikkje du, som Barth Eide, at me i Europa i fellesskap skal leggja best mogleg til rette for den grøne energien?
 
– Eg meiner det vert feil at Noreg skal løysa EU-landa sine problem med klimautslepp ved å auka vår energieksport. EU-landa må sjølve byggja ut meir fornybar energi, seier Heen.
 
Han legg til at Noreg dessutan ikkje har ubegrensa med fornybar energi, trass i mange fossefall. 
 
– Difor meiner eg det er av større verdi for landet å bruka krafta sjølv, både til aluminiumsproduksjon og anna kraftforedlande industri. Det overraskar meg at Ap og Barth Eide set EU sine behov framom norske interesser, seier Heen. 
 
– Men Barth Eide seier at at eitt av sju vilkår Ap so langt har sett ned for at dei skal godkjenna avtalen, er at Noreg skal bestemma sjølv om me vil byggja nye eksportkablar. Er det ikkje tenleg for Noreg å vera med i ACER om me kan leggja inn slike vilkår?  
 
– Eg meiner Ap sine vilkår er ei avsporing, for dette handlar ikkje berre om me skal akseptera det som ligg i saka på dette tidspunktet, seier Heen. 
 
Heen trur me ved å gå inn i ACER fråskriv oss høvet til å bestemma frå einskildsak til einskildsak i framtida, slik me har kunne gjera hittil. Heen trur ACER vil sitja med makta til å treffa avgjerder. 
 
– Ingen veit kva saker som kjem i framtida, og kva EU finn på. Difor er det viktig å halda på sjølvstyret me har over energien vår. Det er ein av dei viktigaste verdiane me har i landet, seier stortingsrådgjevaren. 

– Grasrota til Ap er meir samde med Sp 

I motsetnad til Arbeidarpartiet, er Senterpartiet samla i spørsmålet omkring ACER. 
 
– Ap har, som Sp, ei historie med å vera tydeleg på å ivareta norske kraftressursar. Og eg trur grasrota til Ap er meir samde med Sp i dette spørsmålet enn med Barth Eide.   Men eg ser at Ap ikkje har konkludert enno, og eg er spent på kva dei landar ned på. Eg håpar dei landar ned på eit veto mot dette EU-direktivet, seier Heen, og legg til: 
 
– Forvaltninga av norske ressursar er noko Senterpartiet alltid har vore særleg oppteke av, og me ynskjer kontroll over ressursane.
 
Til toppen