SPENNING: Då Senterpartiet bad om forholdsval til formannskapet, skapte det litt forvirring og spenning, men Aleksander Øren Heen (Sp) måtte innsjå at Arild Ingar Lægreid (Ap) får halde fram som ordførar i fire år til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPENNING: Då Senterpartiet bad om forholdsval til formannskapet, skapte det litt forvirring og spenning, men Aleksander Øren Heen (Sp) måtte innsjå at Arild Ingar Lægreid (Ap) får halde fram som ordførar i fire år til. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Heen: – Eg var litt spent

Det måtte eksperthjelp til då kommunestyret i Årdal skulle velja formannskap.

Årdal: Som venta vart Arild Ingar Lægreid (Ap) vald som ny ordførar torsdag, medan Sandra Opheim (MDG) fekk vervet som varaordførar, men det var ikkje utan at litt spenning.

Då formannskapet skulle veljast, kravde Thomas Norheim Moen og Senterpartiet forholdsval, noko som kompliserte ting såpass at møtet måtte ta ein pause. Dei 21 kommunestyrerepresentantane fekk to lister dei kunne røyste på, der lista til Arbeidarpartiet og Miljøpartiet fekk tolv røyster mot Senterpartiets ni.

Det gjev dei to førstnemnde fire plassar i formannskapet og sistnemnde tre, men sidan ein representant valde å stryke ut namna til Arild Ingar Lægreid, Sandra Opheim og Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) skapte det forvirring om desse tre kunne sitja i formannskapet.

MOTKANDIDAT: Aleksander Øren Heen (Sp) var naturleg motkandidat til ordførarvervet. Her saman med Kurt Jevnaker frå Venstre.
MOTKANDIDAT: Aleksander Øren Heen (Sp) var naturleg motkandidat til ordførarvervet. Her saman med Kurt Jevnaker frå Venstre.

Spennande

– Ein må laga litt spenning viss det er moglegheit for det. Me følgjer dei reglane som ligg for val av formannskapet. Elles er resultatet som det ligg føre, kommenterte Aleksander Øren Heen (Sp) etter møtet.

– Eg var litt spent fordi eg visste ikkje korleis reglane skulle tolkast, og det var òg andre som sleit med tolking av reglane, la han til. 

Men etter konsultasjon med blant anna sekretariatsleiar Knut Hennik Grepstad i fylkeskommunen, var svaret klart at desse tre likevel kunne sitja i formannskapet. 

Grepstad forklarer til Porten.no at dersom sju stykk hadde stroke dei tre første namna på denne lista, ville nummer fire på lista ha kome inn. Hadde det stått likt med seks mot seks, ville Lægreid og co. framleis kome inn. 

Historisk godt val

Etter eit rekorddårleg kommuneval for Arbeidarpartiet var dei avhengig av å samarbeida for å få ordføraren dei neste fire åra også.

Ein slik avtale kom i stand kort tid etter valet då Miljøpartiet dei grøne med Sandra Opheim i spissen inngjekk ein slik avtale. Det sikra Arild Ingar Lægreid elleve røyster då det skulle veljast ordførar torsdag.

Artikkelen held fram under biletet.

HELD FRAM: Arild Ingar Lægreid fekk fornya tillit som ordførar med elleve mot ti stemmer.
HELD FRAM: Arild Ingar Lægreid fekk fornya tillit som ordførar med elleve mot ti stemmer.

Thomas Norheim Moen fremja ikkje overraskande Heen som motkandidat.

– Senterpartiet har gjort eit historisk godt val med eit resultat som bad om skifte av politisk leiing, sa han. 

Ei ære

Men slik vart det altså ikkje. Lægreid fekk altså ei røyst meir enn Heen og skal vera Årdals ordførar dei neste fire åra.

– Det er ei ære å bli vald til ordførar. Det er ein krevjande jobb, og i kommunestyret skal me behandla mange viktige saker for ein eller fleire innbyggjarar dei neste fire åra. Me skal prioritera og fatta vedtak. 

Artikkelen held fram under biletet.

VARA-ORDFØRAR: Sandra Opheim (t.h.) vart vald som vara-ordførar. Her ved sidan av tidlegare vara-ordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal.
VARA-ORDFØRAR: Sandra Opheim (t.h.) vart vald som vara-ordførar. Her ved sidan av tidlegare vara-ordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal.

– Eg vil seia at uansett kva me har slags motstridande tankar til retning og vedtak, er det slik at dei fleste vedtak lokalt er me einige om, og så er det nokre saker me er ueinige om sjølvsagt. Eg ser fram til å stå i politisk front dei neste fire åra også, og eg trur me skal få til ei god utvikling for årdalssamfunnet ilag. 

Opheim fekk vara-ordførarvervet med elleve røyster mot ti. 

Til toppen