KRITISK: Aleksander Øren Heen (Sp) retta kritikk mot formalitetane og prosessane rundt Årdal Utvkling på kommunestyremøtet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRITISK: Aleksander Øren Heen (Sp) retta kritikk mot formalitetane og prosessane rundt Årdal Utvkling på kommunestyremøtet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Heen: – Hadde håpa at Årdal Utvikling var meir imøtekommande

Aleksander Øren Heen (Sp) er kritisk til formalitetane og prosessane rundt Årdal Utvikling.

Senterparti-politikaren reagerer på at styret i Årdal Utvikling ikkje vil gi kontrollutvalet i kommunen naudsynt innsyn slik at dei kan gjennomføra den selskapskontrollen dei ønskjer.

– Eg hadde håpa dei hadde vore litt meir imøtekommande enn det som har blitt referert til i media, seier han og siktar til saka til Sogn Avis, der leiaren for kontrollutvalet, Geir Hilmar Sandvik (Frp), seier til avisa at han synest det er spesielt at kontrollutvalet ikkje får innsyn i kva pengane går til og med at stiftinga forvaltar pengar kommunestyret har løyvd dei.

Openheit

AVVENTANDE: Hilmar Høl (Ap) ville ikkje kommentere rapporteringsforma til Årdal Utvikling.
AVVENTANDE: Hilmar Høl (Ap) ville ikkje kommentere rapporteringsforma til Årdal Utvikling.

– Eg trur det er viktig med openheit rundt dei løyvingane som blir gjort og dei offentlege midlane som Årdal kommune stiller til rådigheit. Sjølvsagt skal ikkje det som gjeld forretningsløyndomar vera offentleg, men det som kan, bør vera offentleg, seier Heen og understrekar at han ikkje hadde grunn til å kritisere arbeidet som er gjort i næringsselskapet.

Hilmar Høl (Ap) på si side ville ikkje begi seg ut på forvaltningslova og korleis den skal handterast.

– Det er framleis ein dialog mellom kontrollutvalet, som har valt å gå til media med ei sak, og selskapet, og då får heller kontrollutvalet komma tilbake til kommunestyret om dei er nøgd eller ikkje med rapporteringsformen som følgjer stiftinga.

Kritisk til rapporten

Kommentarane kjem i samband med at årsmeldinga og rekneskapen for 2014 vart behandla i kommunestyremøtet torsdag. 

– Når det gjeld rapporten, er det nokre element eg vil kommentera, og det går jo litt på manglande openheit rundt løyvingane. Ein gir eit visst kronebeløp i bedriftsretta tilskot, og det er sikkert riktig og gode prosjekt, men eg meiner ålmenna har rett til å sjå det. Det er ingen fare i å utlevera dette, og det gir kommunestyret betre innsyn i kor midlane går til, held Heen fram. 

– Eg finn mange positive trekk på trendane i næringslivet, men eg saknar litt meir skildringar av det omstillingsarbeidet som Årdal kommune er inne i ilag med Lærdal.

Beskyttelse av arbeid

BESKYTTELSE: Terje Laberg fortalte kommunestyret om at i 1982 flytta dei næringsarbeidet ut av kommunen for å beskytta næringsarbeidet.
BESKYTTELSE: Terje Laberg fortalte kommunestyret om at i 1982 flytta dei næringsarbeidet ut av kommunen for å beskytta næringsarbeidet.

Næringssjef i kommunen, Terje Laberg, fekk svare på vegne av rådmann i kommunestyret. Han fortalte at han hadde lest Smedal-rapporten frå 1982 før han kom til møtet.

– Denne var det kommunestyret som bestilte i 1982. Eg las vurderingane der om kvifor kommunestyret valte å flytta næringsarbeidet ut av kommunen, nettopp fordi dei ønskte å ha ein beskyttelse rundt arbeidet som skulle gjerast, og at dei som kom til tiltakskontoret som det heitte då, skulle vera trygge på at bedriftsløyndomar og vedtak var beskytta, seier han.

– Men om de (kommunestyret journ. anm.) ber om ny organisering neste gong, må ein tilpassa arbeidsmetodane etter det, så kan ein diskutera kva organisering som gir best resultat. Det får de ha ei meining om. Eg har mi eiga meining om det. 

Sandvik varsla at det ville komme ei sak på dette frå kontrollutvalet til kommunestyret etter sommaren.

Til toppen