NØGD: Aleksander Øren Heen er glad for at Sogn og Fjordane får gje vekk eigarposten i Sogn og Fjordane Energi til kommunane, utan at det utløyser forkjøpsretten til BKK.
NØGD: Aleksander Øren Heen er glad for at Sogn og Fjordane får gje vekk eigarposten i Sogn og Fjordane Energi til kommunane, utan at det utløyser forkjøpsretten til BKK. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Heen jublar over at fylket får behalda kraftverdiane etter samanslåinga

– Det betyr mykje for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier Aleksander Øren Heen.

Leikanger: Ein dom i Sogn og Fjordane tingrett fredag sikrar at kraftverdiar for milliardar blir verande i fylket etter samanslåinga med Hordaland.

Fylkeskommunen eig størsteparten av Sogn og Fjordane Energi, og det var desse aksjane som stod på spel fredag.

– Eg er veldig glad for at tingretten gir medhold i at me får behalda og overføra aksjane i Sogn og Fjordane til kommunane. Det betyr mykje for innbyggjarane i fylket at me får behalda dei verdiane, seier Heen, som blant anna representerer Årdal Sp på fylkestinget.

Heen spent på anke

I februar gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune til søksmål mot eitt av dei største kraftselskapa i Norge, BKK.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å kunna gje vekk eigarposten dei har i Sogn og Fjordane Energi til kommunane i fylket, før samanslåinga med Hordaland. BKK meiner derimot det vil utløysa forkjøpsretten dei har.

I dag eig fylkeskommunen 49,6 prosent selskapet, BKK eig 36,6 prosent og sju kommunar frå Sogn og Fjordane eig resten.

Tingretten har no bestemt at BKK ikkje får forkjøpsrett om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane. BKK vart òg dømd til å betale fylkeskommunen sine sakskostnader.

– Så blir det spanande å sjå framover om det blir anka, seier Heen.

Framleis eit stykke att

Sjølv om tingretten no har gitt fylkeskommunen medhald, og BBK skulle droppa å anke, betyr ikkje det at alle detaljane er spikra. 

– Me må vurdera korleis me best sikrar at innbyggjarane i fylket kan nyta godt av desse verdiane i åra som kjem, så må me sjå korleis me løyser det praktisk. Det viktigaste var å få denne avklaringa, seier Heen.

– Kva alternativ har de?

– Det blir jobba langs fleire spor. Men fylkestinget sin klare motivasjon er at desse verdiane skal vera Sogn og Fjordane sine, seier Heen.

Til toppen