VIL KJEMPA: Aleksander Øren Heen (Sp) håper kraftverdiane i Sogn og Fjordane vil bli verande etter samanslåinga med Hordaland. Foto: Arkiv. 
VIL KJEMPA: Aleksander Øren Heen (Sp) håper kraftverdiane i Sogn og Fjordane vil bli verande etter samanslåinga med Hordaland. Foto: Arkiv.  (Foto: Arkiv)

Heen: – Me vil gjera det me kan for at  kraftverdiane framleis skal tilhøyra innbyggjarane i Sogn og Fjordane

Fylkeskommunen ønskjer å gje vekk kraftaksjane dei eig til kommunane i Sogn og Fjordane, før samanslåinga med Hordaland. Det skal rettssystemet avgjera om dei får lov til. Milliardar står på spel.

Leikanger: Måndag vart det klart at Sogn og Fjordane fylkeskommune går til søksmål mot eitt av dei største kraftselskapa i Norge, BKK.

– Me gjer dette for å sikra at kraftverdiane i fylket fortsatt skal tilhøyra innbyggjarane i Sogn og Fjordane. At ikkje overskotet reiser til Hordaland etter samanslåinga, seier Aleksander Øren Heen (Sp), medlem i fylkesutvalet.

Dette er saka:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommunen ønskjer å gje vekk eigarskapen dei har i Sogn og Fjordane energi til kommunane i fylket.
  • Slik håper politikarane at kraftverdiane skal bli verande att i fylket etter samanslåinga med Hordaland.
  • BKK meiner dette ikkje er lov, men at dei har rett til å kjøpa aksjane frå fylkeskommunen.
  • Fylkesutvalet har vedteke å saksøka BKK, og la retten skal avklara kven som har rett. 
  • BKK har hovudkvarter i Bergen, og er eigd av Statkraft (49,9 prosent), Bergen kommune (37,8 prosent) og 16 andre kommunar.
  • Gulen og Høyanger eig til saman 0,39 prosent av BKK. Dei er dei to einaste eigarkommunane frå Sogn og Fjordane.
  • Sogn og Fjordane Energi er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (49,6 prosent), BKK (36,6 prosent) og sju kommunar, alle frå Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylkeskommunen eig halvparten av Sogn og Fjordane Energi. Spørsmålet er kva som skjer med eigarskapen når Sogn og Fjordane slår seg saman med Hordaland i 2020. Det står om milliardar av kroner.

Usemje om tolking av aksjelova

Det Heen og resten av fylkesutvalet ønskjer, er å overlata fylkeskommunen sine aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane.

Det største energiselskapet i Norge, BKK, meiner på si side at dei har rett til å kjøpa aksjane. Dei er nest største eigar i Sogn og Fjordane Energi, etter fylkeskommunen. Ifølgje aksjelova har eksisterande aksjonærar forkjøpsrett når aksjar i eit selskap skiftar hender. 

– Men her er det slik at Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar å eksistera. Det er innbyggjarane i Sogn og Fjordane som er dei verkelege eigarane, og det vil dei halda fram med å vera i den modellen me ønskjer, seier Heen.

Har aldri blitt prøvd i rettssystemet

Det er her søksmålet kjem inn i biletet. Poenget er å prøva ut saka i rettssystemet, før politikarane bestemmer seg for kva dei vil gjera.

– Me gjer ikkje dette fordi me trur BKK har gjort noko gale, og no vil me ta dei. Me gjer det fordi me ønskjer at rettsystemet skal avklara eit viktig og vanskeleg spørsmål, seier   Øren Heen.

– Dette har ikkje vorte gjort før, difor er det viktig å prøva det i rettssystemet, før me tek valet, seier han.

Årdølen legg til at fylkesrådmannen har fått fullmakt til å forhandla vidare med BKK om andre måtar å bli samde på, utan å gå vegen om retten.

Har plan b

– Kor mykje verdiar er det det står om?

– Det er vanskeleg å verdsetta eit kraftselskap som har stor kraftproduksjon, som eig fallrett og har linjerett. Men det er snakk om fleire milliardar i verdiar, som gir gode inntekter kvart år, seier Heen.

– Kva er plan b, dersom plan a ikkje lukkast?

– Det er fondsmodellen som er nedfelt i intensjonsavtalen med Hordaland. Eigarskapen kan då ligga i eit fond, med eit fondsstyre der det skal vera eit fleirtal av personar frå Sogn og Fjordane, seier Heen.

– Men me meiner det er ein sikrare modell å få eigarskapen overført til kommunane, og då vil dei i tillegg kunna nyta godt av overskotet i framtida, seier han.

Til toppen