NUMMER TO: Aleksander Øren Heen frå Årdal vert nummer to på Sp-lista til fylkestingsvalet i Vestland neste haust.
NUMMER TO: Aleksander Øren Heen frå Årdal vert nummer to på Sp-lista til fylkestingsvalet i Vestland neste haust. (Foto: Arkiv)

Heen nummer to, Horpen nummer fem på Vestland Sp-lista

Unge krefter frå Årdal kan bli godt synlege i det nye Vestland.

Årdal: På nominasjonsmøtet til Vestland Sp i Bergen fredag vart Aleksander Øren Heen nominert som andrekandidat inn mot valet neste år.

– Tusen takk for tilliten. Stolt, glad og audmjuk for at Vestland Sp vil ha meg på 2. plass på lista til det nye fylke, skriv Heen i eit innlegg på Facebook.

Sambygding Hilde Horpen vart nominert som nummer fem.

– Senterpartikommunen Årdal blir godt representert i nye Vestland, konstanterer Heen.

Radøy-ordførar Jon Askeland vert toppkandidaten til partiet. Jenny Følling frå Gaular tok plass nummer tre, 

Dette vart dei 10-første plassane:

  1. Jon Askeland
  2. Aleksander Øren Heen
  3. Jenny Følling
  4. Sigrid Brattebø Handegard
  5. Hilde Horpen
  6. Alexander Fosse Andersen
  7. Sigurd Erlend Reksnes
  8. Mette Heidi Bergvang Ekrheim
  9. Gunn Åmdal Mongstad
  10. Lars Fjeldstad
Til toppen