STORT POTENSIAL: Aleksander Øren Heen gler set til å flytta heim til Sogn og meiner det er stort potensial for utvikling i Lærdal.
STORT POTENSIAL: Aleksander Øren Heen gler set til å flytta heim til Sogn og meiner det er stort potensial for utvikling i Lærdal.

Heen ny næringssjef i Lærdal

Det skriv Lærdal kommune i ei pressemelding

– Veldig kjekt å få denne moglegheita, seier 29-åringen i pressemeldinga.

Etter at Arve Tokvam starta i ny jobb i Flåm AS, vart stillinga som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU) lyst ut. Aleksander Øren Heen søkte på stillinga, og fekk den.

– Eg har jobba i Lærdal med nærutvikling før, og eg meiner det er moglegheiter for å få til meir. Potensialet i Lærdal og Sogn er stort. Så det var veldig kjekt å få denne moglegheita, seier Heen.

Har sakna fjella i Sogn

Sidan februar 2016 har Øren Heen jobba som politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe. Hovudfeltet har vore samferdsle, og trass i ein givande jobb i hovudstaden, valde årdølen å søkja på stilling som dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. 

Heen startar opp 14. januar, noko som medfører at han flyttar heim til Sogn.

– Det gler eg meg også til. Eg har sakna naturen og fjella i Sogn. Sogn er i særklasse når det kjem til moglegheiter for jakt og friluftsliv. Fjell og flott natur er også ein fordel i høve næringsutvikling, og ein ser at fleire og fleire legg vekt på slike kvalitetar når ein skal busetja seg.

Lærdal har vore omstillingskommune sidan 2012, og omstillingsstatusen går ut ved nyttår. LNU har leia omstillingsarbeidet, og skiftet som skjer ved endt status, vil også føra til eit noko endra fokus frå LNU si side, skriv kommunen i pressemeldinga. 

– Det blir viktig å få realisert nokre av prosjekta som har vore jobba med, mellom anna Håbakken. Grøntnæringane i Lærdal har og eit stort potensial. Det blir viktig å byggja næring på dei forutsetningane som er lokalt. Etter endt omstillingsperiode vil hovudfokuset bli å jobba konkret som næringsselskap med dei gode prosjekta, seier Øren Heen.

Nøgd styreleiar

Det var eit samla LNU-styre som tilsette Øren Heen.

– Gjennomføringskraft blir viktig i det vidare arbeidet for LNU. Me meiner me har fått rett person på rett plass, seier styreleiar Yngve Hallén.

Fram til Øren Heen startar i stillinga 14. januar, fungerer Ole Ramshus Sælthun som konstituert dagleg leiar i LNU.

Til toppen