OPPNEMND: Aleksander Øren Heen er oppnemnd som medlem i rovviltnemnda av Klima- og miljødepartementet. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPNEMND: Aleksander Øren Heen er oppnemnd som medlem i rovviltnemnda av Klima- og miljødepartementet. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Heen oppnemnd som medlem i rovviltnemnda

Klima- og miljødepartementet har utnemnt nye medlemmer frå fylkestinga i landet til dei regionale rovviltnemndene.

Årdal: Aleksander Øren Heen frå Årdal skal sitja i forvaltningsregion 1 som medlem.

Noreg har åtte slike nemnder, som har hovudansvar for forvaltninga av rovvilt innanfor sin region, fortel departementet.

– Rovviltnemndene skal jobbe for å oppfylle den todelte målsetjinga om å sikre både levedyktige bestandar av rovvilt og beitenæring i Noreg. Dette er ei krevjande oppgåve. Eg er oppteken av at nemndene skal ha god kontakt med alle berørte interesser, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Utnemningsperioden for medlemmene og varamedlemmene følgjer valperioden for kommunar og fylkesting. Dei nye rovviltnemndene gjeld frå 1. januar 2016, med unntak for rovviltnemnda i forvaltingsregion 4, Oslo, Akershus og Østfold, som får utnemnt nye medlemmer og varamedlemmer i januar. (©NPK/Porten.no)

Til toppen