TILBAKE I LOKALPOLITIKKEN: Aleksander Øren Heen har søkt om forlenga permisjon frå formannskapsvervet, men ikkje frå kommunestyret neste år. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
TILBAKE I LOKALPOLITIKKEN: Aleksander Øren Heen har søkt om forlenga permisjon frå formannskapsvervet, men ikkje frå kommunestyret neste år. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Heen tilbake til lokalpolitikken

Aleksander Øren Heen (Sp) skal halde fram som politisk rådgjevar, men kjem til å møte i kommunestyret neste år.

Årdal: Det går fram av permisjonssøknaden hans, som vart handsama i kommunestyret torsdag. 

Tilbake i september skreiv Porten.no at Heen fekk forlenga stillinga si som politisk rådgjevar innan fagområdet transport og kommunikasjon i Senterpartiet fram til 1. november 2017. 

Han har difor søkt forlenga permisjon frå formannskapsvervet, men ikkje frå kommunestyret. Det betyr at han blir å sjå att i lokalpolitikken neste år.

Erling Offerdal (Sp) går inn som fast medlem i formannskapet i mellomtida.

 

Til toppen