Årdal: I kommunestyret torsdag løfta Heen opp problemstillinga. Han stilte spørsmål til ordføraren om korleis arbeidet med ei eigarskapsmelding går.
– Eg meiner det er viktig at me har ein bevisst strategi for dei selskapa me som kommune eig. Me forvaltar store verdiar som me må ha god styring på, seier han.
Årdal kommune eig til dømes Årdal Energi, er stiftar av Årdal Utvikling og er medeigar av Indre Sogn ASVO og SIMAS for å nemne nokre.
Etterlyser eigarskapsmelding
Heen etterlyser no ei eigarskapsmelding og spurte ordføraren om han meinte kommunestyret var godt nok opplyst på dette området.
– Det er kanskje fleire selskap enn me som sit her er klar over. Det synest eg er uheldig, og difor er det viktig med ein plan der ein kan ha oversikt og lage ein strategi, legg han til.
– Kjem før sommaren
Arild Ingar Lægreid (Ap) er samd i at kommunestyret ikkje er godt nok opplyst, og at det heller ikkje er lagt godt nok til rette for god eigarstyring.
– Men me starta arbeidet med ei eigarskapsmelding i haust. Den skulle ha vore klar til nyttår, men av ulike årsaker vart ho forsinka. Eg kan lova at meldinga kjem før sommaren, svarar ordføraren.