Kaupanger: Svidd gummi la seg som lokal skodde over store delar av Kaupanger denne helga. Det heile akkompagnert av lyden frå fleire titals topptrimma bilar og kvinande dekk.

Drifting er bilsporten der det handlar like mykje stil som fart. Førarane blir vurdert etter kor effektfullt dei greier å sladde seg gjennom løypa.
På Kaupanger er førarar frå heile landet samla til det som markerer avslutninga på sesongen.
– Dette er årets happening her på Kaupanger. I fjor hadde me over 800 betalande innom og me håper me klarar å få til omtrent det same i år, seier Alvin Lægreid.
Han er sjølv aktiv og konkurrerer både i inn- og utland. No har han solgt bilen og skal bruke vinteren til å byggje ein ny. Difor følgjer han det heile frå sidelinja som ein av arrangørane. Då er det ekstra kjekt at folk tydelegvis set pris på det dei har fått til.
– Det er underhaldning det skal vera. Me er eigentleg klovnar i eit sirkus alle som køyrer her. Det er action heile tida og du kjem tett på bilane. Det er ingenting som er kjekkare enn å sjå at folk likar det, seier Lægreid.