ACTION: Snøfresing og motorsprenging var populære innslag under Fjord til Fjell. Video: Ole Ramshus Sælthun
ACTION: Snøfresing og motorsprenging var populære innslag under Fjord til Fjell. Video: Ole Ramshus Sælthun

Heftige innslag under Fjord til Fjell

Snøfresing på Tangekaien og motorsprenging var to av dei meir actionfylte innslaga under Fjord til fjelldagane. Sjå video!

Snøfresing skjer vanlegvis høgt til fjells på denne tida av året, men maskinentreprenør Hæreid hadde for høvet frakta om lag 200 tonn snø ned frå Tyin til kaien på Tangen. Føremålet; å demonstrera for publikum kor mykje krefter det er i snøfresarane dei brukar på Tindevegen.

– Mange interesserte i dette

Olav Vee set seg opp i snøfresaren og startar opp. Dei store rotorane treff det noko blaute snølasset og ein massiv stråle av snø skyt ut på Årdalsfjorden. Etter om lag ti minuttar er all snøen vekke, til publikums begeistring.

– Det gjekk fint. Eg var litt redd eit eller anna skulle ryka, seier Vee etter utførd oppgåve.

Han opplyser at maskineriet som vart nytta er ein Øveraasen VPV150 S med 410 hestar.

– Det verkar som mange er interesserte i dette. Me la ut ein video på You Tube av fresinga på Tindevegen, og det tok heilt av, fortel Torstein Hæreid, som hadde frakta det meste av snøen

Seig Golf

Klokka tre laurdag stod motorsprenging på programmet. Dette går ut på å køyra ein motor utan vatn og knapt noko olje på fullt turtal til den tek kvelden. Publikum har tippa kor lenge den held. Innslaget såg dagens lys under Fjord til Fjell i fjor - då var det motoren i ein Subaru Justy som skulle sprengjast. Den heldt i 40 sekundar. Denne gongen stod ein Golf 3 for tur.

– Eg har ikkje budd i Årdal så lenge, men eg har sprengd motoren på to av bilane mine, fortel Ralf Nickel, som altså har eigd både Subaruen og Golfen.

Han er frå Tyskland og jobbar som mekanikar på Mekonomen i Årdal. Nickel skal sjølv stå for motorsprenginga, og trur motoren i golfen held betre stand enn subarumotoren gjorde.

– Den held nok lenger. Golfmotorane er seige. Kanskje to minuttar. Kanskje fire.

Så set han seg til og fyrer opp bilen, som for høvet er spraya med påskrifta "RIP". Motoren skrik og putrar om kvarandre. Det går både to, fire, seks, åtte og ti minuttar. Så tek røyken seg opp og Nickel finn det best å sveiva opp sideruta. Lyden endrar seg, det fell ned små flammar frå motoren på asfalten og vaktene kjem til med brannsløkkingsapparatet. Så døyr motoren ut og klokka blir stoppa. 11 minuttar og sju sekundar heldt den.

– Me mangla eit lite "bom", seier Nickel lattermildt når jobben er gjort.

– I overkant

Nokre publikummarar tykte innslaget vart vel heftig.

– Eg tykte ikkje noko om dette. Tenk på forureininga. Heile torget der folk sit og et vart jo fylt med eksos. Det er så mykje anna fint ein kunne ha funne på i staden, seier Anton Kjærvik.

Han var ikkje åleine om å finna innslaget mindre passande. Koordinator for Fjord til Fjell, Frank Eldegard, forstår at folk kan reagera.

– Det finst ulike meiningar her, noko som må vera lov. Men ein del har interesse av dette, og det skal vera rom for mykje. At motoren gjekk så lenge førde til at det blei meir lyd og røyk enn i fjor. Så skal det seiast at det var imponerande å sjå kor standhaftig motoren var.

Til toppen