EKSPERTGRUPPE: Hege Fimreite er oppnemnd i regjeringa si ekspertgruppe som skal sjå på rolla til barnehagelæraren.
EKSPERTGRUPPE: Hege Fimreite er oppnemnd i regjeringa si ekspertgruppe som skal sjå på rolla til barnehagelæraren. (Bilde: Høgskulen på Vestlandet)

Hege Fimreite i ekspertgruppe for barnehagelærarrolla

Hege Fimreite, instituttleiar ved barnehagelærarutdanninga på campus Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet, er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet (KD).

Sogndal: Ekspertgruppa skal sjå nærare på barnehagelæraren si rolle i barnehagen. Det er regjeringa som har bestemt at det skal setjast ned ei slik gruppe for å følgja opp arbeidet med å styrke innhaldet i barnehagen.

Ekspertgruppa består av ni personar, deriblant Hege Fimreite som held til i Sogndal på Høgskulen på Vestlandet.

– Dette blir veldig lærerikt, og vil gi stort fagleg utbyte både for meg som fagperson og for HVL sine barnehagelærarutdanningar, seier Fimreite til høgskulen si nettside.

Brei bakgrunn

Ho trur at arbeidet som er gjort på barnehagelærarutdanninga i Sogndal over mange år er årsaka til at akkurat ho er invitert med i gruppa.

– Me var pilot for den nye BLU-utdanninga, er involvert i den nasjonale styrarutdanninga og har i tillegg god erfaring med samlingsbasert BLU-utdanning. I tillegg har Kunnskapsdepartementet sagt at dei synest eg har ein interessant bakgrunn.

– Det handlar truleg om at eg er klinisk pedagog med 10 års erfaring frå BUP, psykisk helsevern for barn og unge samt at eg har vore leiar i både barnehage, skule og høgskule. Til saman gjer dette meg godt rusta til å meine noko om barnehagelæraren si rolle i framtida, held ho fram.

Ny rammeplan

Tidlegare i år la regjeringa fram ein ny rammeplan med tydelegare krav til barnehagen som pedagogisk institusjon.

– Dette i kombinasjon med ny barnehagelærarutdanning og det at departementet no har definert barnehagen som ein del av utdanningsløpet, gjer at denne ekspertgruppa er heilt på sin plass, meiner Fimreite.

Gruppa startar arbeidet sitt denne månaden og skal levere sin rapport i desember 2018.

Til toppen