HEIME: Hege Bakken Wahlquist er på ferie i Årdal. Midt i juli reiser ho til Danmark der karrieren går vidare på laget Holstebro. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HEIME: Hege Bakken Wahlquist er på ferie i Årdal. Midt i juli reiser ho til Danmark der karrieren går vidare på laget Holstebro. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Hege jobbar mot landslagsplass

Ho er på rekruttlandslaget og spelar komande sesong på eit av dei beste handballaga i Danmark. Men draumen er landslaget.

Årdal: – Eg føler ikkje det er så langt opp. Samstundes er dei to som spelar i same posisjon som meg veldig gode, eg har stor respekt for dei. Så det vil ta litt tid å koma der, men det er det eg jobbar for heile tida.

Hege Bakken Wahlquist er på sommarferie heime i Årdal. Ho kan sjå tilbake på ein strålande sesong for Glassverket med 2.plass både i NM og seriesluttspelet - berre slegne av "umoglege" Larvik ved begge høve. 

Danskane forstod årdøl godt

13.juli reiser ho til Danmark. Nytt tilvêre i den danske serien for Holstebro ventar.  Bakken Wahlquist er spent.

– Alt blir nytt - trenar, spelarar eg ikkje kjenner, også vidare. Eg har berre spelt med norske spelarar tidlegare, så det blir spennande. Men eg likar stilen deira med mykje fart og risikofylt spel. Ein annan ting er jo nytt språk.

– Må du leggja om til bokmål no?

– Det er litt rart, for eg var der og skulle snakka framfor ei folkemengde i mikrofon. I ei avis stod det etterpå at det var som om eg hadde litt dansk i dialekten. Så kanskje eg berre skal snakka årdøl? Går det ikkje får det bli engelsk.

Artikkelen held fram under biletet

NM-FINALE: Hege Bakken Wahlquist i sitt rette element - her under førre sesongs NM-finale. Arkivtfoto
NM-FINALE: Hege Bakken Wahlquist i sitt rette element - her under førre sesongs NM-finale. Arkivtfoto

Nyutdanna sjukepleiar

Alt er likevel ikkje nytt; kjærasten Torbjørn Sittrup Bergerud reiser med henne og skal spela på Holstebro sitt herrelag. I tillegg har Bakken Wahlquist nyleg fullførd sjukepleiarstudiet og skal jobba ein dag i veka på si av handballen i Danmark.

– Det var veldig godt å bli ferdig, studeringa tek tid. No kan eg konsentrera meg enno meir om treninga og kampane. Så sjølv om eg satsar på noko jobbing, blir fokuset på handballen. 

– Føler du deg sikker på å få bra med speletid?

– Utifrå det dei har sagt ser det slik ut. Mykje av laget er skifta ut fordi dei ikkje hadde råd til å halda på dei dyre stjernene, så me er mange unge. Dei har teke opp ein annan ung spelar frå eit anna dansk lag som har same posisjon som meg, så det blir vel litt kniving med henne.

– Den tilbakelagde sesongen må jo seiast å ha vore svært bra - kva tykkjer du sjølv du har utvikla deg spesielt på?

– Først og fremst skotreportoaret fysisk. Og eg føler eg er tilbake for fullt etter kors- og leddbandskaden. Men aller mest utvikling har eg kanskje hatt på det psykiske planet. Å forhalda seg roleg heile tida og ikkje byrja å stressa er veldig viktig, men ikkje veldig lett.

– Fornuftig fokus

No er Hege altså i Årdal på ferie og nyt litt mindre hektiske dagar før ho om halvanna veke reiser til Danmark. 

– Eg trenar og gjer det eg vil når eg er heime. Går litt i fjellet og slikt. 

– Handballen i Årdal har jo hatt ein nedtur reint resultatmessig dei siste sesongane. Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer det er bra at dei satsar på dei unge som er i bygda slik at ein får bygd opp laget. Før ein rykka ned baserte ein seg kanskje i vel stor grad på spelarar utanifrå slik at basen i laget vart litt tynn. Så på sikt trur eg det løner seg å fokusera som ein gjer no.

– Går dit handballivet tek meg

For Bakken Wahlquist veit litt om kor viktig det er med satsing på unge spelarar. Første steget hennar ut i den store handballverda tok ho i 2011, då ho melde overgang frå Jotun til Sola. Og no, fem år etter, bankar ho altså på landslagsdøra.

– Det er jo Camilla Herrem og Sanna Solberg som spelar venstrekant på landslaget no, og dei er frykteleg gode begge to. Så er eg og Thea Mørk i denne posisjonen på rekruttlandslaget, samt at Kristin Venn er teken opp no. Me er mange som vil kjempa om ein plass, med andre ord.

– Men Herrem byrjar no å dra på åra, slik i handballsamanheng, meiner eg. 

– Jau, men ho blir jo berre betre og betre. Det hjelp jo ikkje på.

– Så skal du jo også erstatta Herrem i Holstebro. Er det kjipt at den "samanlikninga" stadig blir dregen opp, eller litt gjevt?

– Det er ei stor oppgåve, men veldig moro å vera der. Eg må berre halda fram med å jobba hardt for å fylla skoa hennar best mogleg.

– Handballivet varar jo ikkje evig – har du gjort deg nokre tankar om tida etterpå? Om det blir aktuelt å flytta heim til Årdal på eit tidspunkt, for eksempel?

– Så langt har eg nok ikkje tenkt. Eg likar meg veldig godt her i Årdal, men no er det først og fremst handballen eg held fokuset på. Så i overskodeleg framtid går eg dit handballivet tek meg.

  

Til toppen