MARKERTE SEG: Då to av profilane vart skadd, fekk Hege Bakken Wahlquist plutseleg meir speletid enn venta for rekruttlandslaget. Sjansen tok ho godt vare på og putta totalt sju mål på to kampar mot Island. Foto: Peter Tubaas. 
MARKERTE SEG: Då to av profilane vart skadd, fekk Hege Bakken Wahlquist plutseleg meir speletid enn venta for rekruttlandslaget. Sjansen tok ho godt vare på og putta totalt sju mål på to kampar mot Island. Foto: Peter Tubaas. 

Hege jubla for scoring på landslaget

Hege Bakken Wahlquist viste seg fram då ho fekk sjansen for rekruttlandslaget i helga.

Årdal: Noreg spelte to kampar mot Island, og årdølen markerte seg med sju scoringar i dei to kampane – to på laurdag og fem på søndag.

– Forsvaret spelte veldig godt i dag, og då fekk eg også gode kontringsmoglegheiter. Eg fekk tre sjansar på rad i løpet av kort tid, kanskje to minutt, seier Wahlquist til Glassverket sine heimeside

Desse tre og to til sette ho i buret då Noreg slo Island 36-23 på Lillehammer. Wahlquist starta på benken, men fekk to gonger 15 minutt på bana. 

– Eg er veldig nøgd med dagen. Eg føler ikkje at det var så mange andre sjansar eg kunne ha scora på.

– God kjensle

Det var for ti dagar sidan årdølen fekk beskjeden ho har venta på då ho blei teken ut som reserve på rekruttlandslaget. Til Porten.no sa ho at dette ikkje var venta, og ting blei fort mykje betre då både Thea Mørk og Linn Gossé blei skadd før samlinga. 

Det opna døra for at den tidlegare Jotun-spelaren fekk mykje speletid og fekk vist seg fram. 

– Eg reiser frå samlinga med ei god kjensle. Eg kunne sikkert vore litt betre laurdag, men i dag gjekk det betre både i forsvar og angrep. Mest forsvar kanskje, men då tar ein det med seg fram i angrep også.

Får ros av trenaren

Sjølv om ho reknar med at dei to framleis er føre ho i køen, er det ikkje feil å leggje inn ein god søknad med godt spel – spesielt for ei som drøymer om å representere A-landslaget ein dag. 

Rekruttrenar Axel Stefansson er iallfall einig i at Wahlquist gjorde ting riktig.

– Me er veldig nøgd med det ho har vist. Spesielt i dag der ho hadde god utteljing. Men ho konkurrerer med spelarar med stor erfaring, fart og skotutteljing både på rekrutt og A. Hege må berre halde fram med å jobbe hardt og prestere på Glassverket, så vil ho ta nye skritt.

Til toppen