TTH: Hege Bakken Wahlquist gler seg til å prøve seg i den danske ligaen. Arkivfoto. 
TTH: Hege Bakken Wahlquist gler seg til å prøve seg i den danske ligaen. Arkivfoto. 

 Hege klar for danske TTH

Hege Bakken Wahlquist byter plass med Herrem, når ho no skal ta til på danske TTH.

Årdal: Kantspelaren Camilla Herrem skal ikkje lenger spele på det danske handball laget TTH, men laget har henta inn Hege Bakken Wahlquist som ny kantspelar.  Dette skriv TTH på sine heimesider, og opplyser om at det er snakk om ein eitt-års kontrakt.  

Hege spelar no på Glassverket i Drammen og har gjort det veldig bra.

TTH sin sjefstrenar Pether Krautmeyer fortel på heimesida at Hege er ein veldig spanande spelar og at ho har vore inne i ein fantastisk utvikling. Med hennar fart, treningsmoral og handballsforståelse meinar Krautmeyer at ho passar perfekt til TTH.

Klar for nye utfordringar

Hege fortel på heimesida at ho ser fram til å skifte til TTH og til å få nye utfordringar i ny liga. Ho legg til at den danske ligaen er sterk, og sjølv om den norske ligaen er god så er dette eit hakk opp.

TTH skal hente mange nye spelarar i år, og skal byggje opp eit nytt lag. 

- Det blir spanande å vere med på å byggje opp det nye laget. 

Wahlquist fortel vidare at ho skal byrje på laget 1.juli og at ho har ein eitt års kontrakt med TTH. 

- TTH spelar handball med det tempo eg gjerne vil spele i, og kan samtidig tilby eit supert treningsmiljø.  Eg gler meg veldig og skal gjere mitt beste, avsluttar Wahlquist som ser fram til nye omgjevnader i Danmark. 

Til toppen