EITT ÅR: Det vart berre ein sesong i danske TT Holstebro for Hege Bakken Wahlquist. Arkivfoto.
EITT ÅR: Det vart berre ein sesong i danske TT Holstebro for Hege Bakken Wahlquist. Arkivfoto.

Hege sluttar i Holstebro

Årdalsjenta ønskjer nye utfordringar og går til annan dansk klubb.

Holstebro: – Det har verkeleg vore spennande å vera ein del av klubben og laget. Treningsmiljøet i klubben er supert og eg kjem til å sakna det. Men eg ønskjer nye opplevingar og utfordringar, seier Hege Bakken Wahlquist i ei pressemelding på klubben si nettside.

Kantspelaren frå Årdal kom før sesongen til TT Holstebro etter å ha forlate den norske klubben Glassverket. Bakken Wahlquist har vore førstevalet på venstrekanten for den danske klubben.

– Ho har mange kvalitetar både på og utanfor bana, og har utvikla seg flott gjennom sesongen. Me ville gjerne ha halde henne i klubben, men diverre søkjer ho nye utfordringar, seier TTH-direktør John Mikkelsen.

Ifølgje Sogn Avis held Bakken Wahlquist seg i Danmark: 

– Silkeborg er ein klubb som har mange gode spelarar og eit godt treningsmiljø, i tillegg til at det er ein kubb med ambisjonar. Så eg gledar meg til å ta begynna, seier ho til avisa. 

Medan TT Holstebro ligg på tredje siste plass i den danske Primo Tours Ligaen, er Silkeborg plassert midt på tabellen, på sjetteplass i skrivande stund.

Til toppen