BØTTAR INN MÅL: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal gjer det svært godt i Glassverket og er toppscorar på laget i alle turneringar. Her jublar ho for ei av dei 13 nettkjenningane ho hadde i oppgjera mot Viborg i Europacupen. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.
BØTTAR INN MÅL: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal gjer det svært godt i Glassverket og er toppscorar på laget i alle turneringar. Her jublar ho for ei av dei 13 nettkjenningane ho hadde i oppgjera mot Viborg i Europacupen. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.

Hege strålar i Glassverket-trøya

Hege Bakken Wahlquist er toppscorar i alle turneringar.

Årdal: Den unge handballstjerna frå Årdal, som nyleg skreiv under for danske Team Tvis Holstebro, leverte ni nettkjenningar mot Nordstrand i helga. 

Med det passerer Wahlquist lagveninna Kari Brattset og er Glassverkets toppscorar i eliteserien. Frå før er ho allereie toppscorar i NM og Europacupen, to turneringar som no er avslutta. 

Sjølv om ikkje alle tal er heilt klare, er det truleg berre Amanda Kurtovic som scora fleire enn 23-åringen i NM. 

– Det er kjempegøy å scora mykje mål og deilig at det har løsna. Eg hadde ikkje kontroll på statistikken, men det er jo gøy å høyre, seier Wahlquist til Glassverket si heimeside.

Tek straffekasta

Ei forklaring til at ho no står med fleire scoringar enn tidlegare er at ho har byrja å ta straffekast for Glassverket. 19 av dei 68 måla ho har scora i eliteserien er frå sjumetersmerket. 

– Det har gått mykje betre i det siste. Eg har vore mykje meir stabil enn eg har vore før. Eg merkar stor forskjell frå tidlegare. Det er naturlegvis gøy at det fungerer, seier ho vidare.

Totalt har Walquist scora 140 mål for Glassverket så langt denne sesongen med 68 i eliteserien, 34 i NM og 38 i Europacupen. 

Til toppen