I FORM: Hege Bakken Wahlquist var best av dei norske i tapet mot Danmark i går føremiddag. Foto: arkiv.
I FORM: Hege Bakken Wahlquist var best av dei norske i tapet mot Danmark i går føremiddag. Foto: arkiv.

Hege toppscorar for Norge då rekruttlaget tapte

Scora sju mål mot Danmark.

Esbjerg: Dei norske rekruttjentene tapte laurdag føremiddag mot Danmark 31-27.  Toppscorar for Norge vart Hege Bakken Wahlquist (24) frå Årdal, som til dagleg spelar i danske Team Tvis Holstebro.

Danskane opna kampen best og til pause leia dei med heile 16-8. I andre omgang skjerpa dei norske jentene seg og på det næraste var leiinga redusert til eitt mål. Men vertane vart for sterke og tok sigeren i land til slutt.

– Vi hang litt etter fra start i dag, Danmark hadde et større tempo enn oss. Framover kom vi til mange gode sjanser, men avslutningene satt ikke helt som de skulle, seier trenar Roger Kvannli til handball.no.

Les også: – Var så nervøs at eg ikkje hugsar mykje frå debuten
Les også: Wahlquist toppscorar då TTH tok sesongens første siger

Dette er den andre gongen dei to laga møter på to dagar, også på fredag med Danmark som vinnar. Hege Bakken Wahlquist nøydde seg med eitt mål i den kampen. Neste samling for rekruttlaget er i slutten av november.
 

Til toppen