HAR IMPONERT: Hege Wahlquist har imponert både på rekruttlaget og i den dansk ligaen. No er ho belønna med ein plass i den norske bruttotroppen til EM i Sverige i desember.  
HAR IMPONERT: Hege Wahlquist har imponert både på rekruttlaget og i den dansk ligaen. No er ho belønna med ein plass i den norske bruttotroppen til EM i Sverige i desember.  

Hege Wahlquist er kalla opp til den førebelse EM-troppen

Stjerner som Heidi Løke, Nora Mørk, Katrine Lunde, Amanda Kurtovic og Camilla Herrem får selskap av eit ungt stjerneskot frå Årdal.

Årdal/Holstebro: I desember er det klart for handball-EM i Sverige. Der skal handballjentene møte Romania, Kroatia og Russland i gruppespelet.

Hege Wahlquist spelar til dagleg for det danske topplaget Tvis Holstebro og har i tillegg imponert på rekruttlaget i det siste. Det har gjort at årdalsjenta har fått plass i den såkalla bruttotroppen til Norge.

Den er på 28 spelarar, men berre 16 får plass i det endelege uttaket som først blir klart 4. desember, dagen før opningskampen mot Romania.

– Eg har aldri vore i ein slik tropp før, så det er ganske stort synst eg. Det er berre seksten stykk som blir tatt ut til slutt, så det skal bli vanskeleg å komme med der. Men det er no litt moro å i allefall vere med i troppen, seier Hege Wahlquist sjølv om uttaket.

Les også: Hege toppscorar for Norge då rekruttlaget tapte

Trur det er små sjansar

Wahquist er den einaste i troppen utan internasjonale kampar for kvinnelandslaget. Ho får i tillegg tøff kamp om plassen på venstrekanten frå etablerte spelarar som Camilla Herrem og Sanna Solberg.

Wahlquist trur difor det må eit par skadar til for at ho skal greie å snike seg med.  

– Det er vel eg og Thea Mørk som kjempar med om den siste plassen. Då trur eg ho er litt framfor meg. Så det er ikkje veldig store sjansar, men ikkje umogleg heller, seier Wahlquist.

Landslaget skal ha ei samling i slutten av november. Det blir siste sjanse for Wahlquist til å vise at ho har noko i EM å gjere. Den verkelege jubelen ventar ho med til den dagen det eventuelt skjer.

– Det er vel eigentleg slik eg tenkjer. Det er stort å få vere med i bruttotroppen, men sjølvsagt enno større å bli tatt ut, seier ho.

Her er den førebelse troppen til Norge: 

Kari Aalvik Grimsbø (Györ), Mari Molid (Randers), Emilie Hegh Arntzen (Byåsen), Veronica Kristiansen (Midtjylland), Ida Alstad (Byåsen), Heidi Løke (Györ), Stine Skogrand (Silkeborg), Vilde Mortensen Ingstad (Esbjerg), Nora Mørk (Györ), Stine Bredal Oftedal (Issy Paris), Malin Aune (Oppsal), Silje Solberg (Issy Paris), Marit Malm Frafjord (Larvik), Kristine Breistøl (Larvik), Silje Waade (Byåsen), Katrine Lunde (Don Rostov), Pernille Wibe (Issy Paris), Linn Kristin Riegelhuth Koren (Larvik), Kjerstin Solås (Tertnes), Hege Wahlquist (Tvis Holstebro), Betina Riegelhuth (Storhamar), Amanda Kurtovic (Larvik), Camilla Herrem (HC Vardar), Sanna Solberg (Larvik), Thea Mørk (Larvik), Marta Tomac (Våg Vipers), Marit Jacobsen (Byåsen), Emily Stang Sando (Esbjerg).

Til toppen