Er vi klare for nye tider, og nye måtar å kome heimatt på? spør Tora Hope i sin kommentar. Foto: Mariell Øyre.
meiningar
Er vi klare for nye tider, og nye måtar å kome heimatt på? spør Tora Hope i sin kommentar. Foto: Mariell Øyre.
meiningar

«Hei du, min heimstad – din gamle sadist»

Må bygdeungdom velje mellom å vere defekt heime eller ein svikar ute?

Denne kommentaren vart først publisert på Framtida.no.

Det knirkar i låvegolvet då ein ung mann går forbi publikum og set seg ved pianoet. Dreads i ein topp på hovudet. Grå skjorte. Endå ein ung mann går fram, han vender seg mot publikum. Jeans, kvit skjorte, ei jakke med litt for korte ermar og ei lue som ikkje dekkjer øyra.

Det er urpremiere på musikkteaterstykket «Kom heimatt, gut» på Åmot Operagard i Sunnfjord.

«Hei du, min heimstad – din gamle sadist», syng Fredrik Høstaker i rolla som Guten, medan Jostein Avdem Fretland spelar.

No handlar det om å ha reist – og om å kome heimatt.

Refleksjonar frå to fråflyttarar

I stykket møter vi ein ung mann som først går hardt ut – han elskar byen, ikkje bygda. Han vel kunsten, framføre bondeknøl. Då far hans vert sjuk, reiser den unge mannen heimatt til dalen han kjem frå.

«Her gjekk eg, her budde eg, her heldt eg på å sprekke», skildrar han.

Heime kjende guten seg som ein defekt, ute som ein svikar.

Dilemmaa i stykket er attkjennande for utflytta bygdeungdom. Oss er det mange av. Og blant oss er det mange frå Sogn og Fjordane, eit fylke som slit med fråflytting og nedgang i folketal.

I 2014 sat Sogn og Fjordane att med 47 tilflyttarar i pluss, etter at alle fråflyttarane var trekt ifrå. Det er lågast i landet.

Mange vil heim, men spør seg kva dei skal drive med der. Mangel på relevante jobbar er eit problem for høgt utdanna utflyttarar. Og det er jo nettopp for å ta utdanning mange flyttar.

Å vite kva ein vil

– Heimstaden sin er ikkje noko ein vel, seier Fretland, smilande, då førestillinga er slutt.

Gratulasjonane strøymer på. Blomar og champagne likeså.

– Mange av oss opplever at spørsmål om heimflytting dukkar opp, nesten på magisk vis, sjølv om ein har vore veldig sikker på sine val. Det kjenner vi på sjølve, og dei tankane ville vi utforske, utdjupar Fretland.

Han reiste sjølv frå Lærdal til London for å drive med musikk. Som Guten i stykket valde han byen og kunsten. Eller?

Å ikkje vite kva ein vil likevel

Då hovudpersonen i «Kom heimatt, gut» vert sitjande vêrfast i heimbygda, går han djupare inn i kvifor han flytte til byen og kvifor tanken på å bu heime er så skremmande. Å velje byen er ikkje så enkelt og rett fram likevel.

Enkle og rett fram er heller ikkje løysingane på fråflyttingsstraumen og heimflyttingsdraumen. Men kanskje kan ein få nokre nye idear med skråblikket frå låven på Åmot.

Åmot Opergard er slett ikkje tilfeldig valt som åstad for urpemieren, avslører komponisten.

Her har «operabonde» Steinar Sørli og «arkitektbonde» Yngve Brakstad skapt ein opera av Steinars sommarparadis frå barndomen – på ein gard i nokre bakkar i ein dal i ein kommune med knappe 3000 innbyggjarar.

Dei har kombinert drifta av operagarden med jobbar i byn. Dei har med andre ord valt både byen, kunsten og bygda. Når musikalskaparane kjem heimatt med stykket sitt gjer dei noko av det same.

Nye måtar å kome heimatt på

Både operabøndene og musikalskaparane syner oss at der finst ulike måtar å kome heim på. Valet står ikkje berre mellom å flytte frå eller å flytte til.

Ein kan også stå med ein fot i bygda og ein fot i byen, bu litt her og litt der, jobbe litt her og litt der. Kombinasjonen av by- og bygdeliv kan skape nye moglegheiter, slik operabøndene og musikalskaparane lagar sine eigne relevante jobbar.

Aldri har det vore meir mogleg enn i dag. Her ligg eit potensial til å tenkje nytt, både for dei som jobbar mot fråflytting og dei som lurer på heimflytting.

Eg seier som guten som kom heimatt: «Hei du, min heimstad, din gamle sadist». Er vi klare for nye tider, og nye måtar å kome heimatt på?

Til toppen