Heia minstemann i mål  

Over 100 born, foreldre, sysken og besteforeldre deltok på årets mini-topptur i Lærdal.

Lærdal: Vangane Opp vart i år ein stor suksess med knall vêr og topp oppmøte, trass i at mange spreke born deltok på fylkesstemne i turn i nabokommunen denne helga.

Les også: Klar, ferdig, motbakkeløp for unge

– Me kunne ikkje håpa på betre vêr. Så bra har det aldri vore før, seier Bjørghild Holien, arrangør frå friidrettsgruppa i Lærdal.

Spreke born

I fjor sat Ole Thomas Berg Hovland (3,5) i bæremeis, i år sprang han Vangane Opp på tid.

– Det var eit stort sprang. Han var mektig stolt då han vart heia fram av alle i mål. For ein innsats, seier Holien.

Under søndagens tradisjonelle Vangane Opp var det stor oppslutnad av både unge, vaksne og besteforeldre.

– Det har blitt ein fin tradisjon. I tillegg til lærdøler, var det også deltakarar frå Valdres og Kaupanger. Saman med Barnas Turlag var det mykje sosialt med både grilling og dei som sprang på tid, seier Holien.

Over 100

Samstundes med Vangane Opp, vart det også arrangert barneturnstemne for heile fylket i nabobygda Øvre Årdal. Likevel var det godt over 100 som deltok på årets mini-topptur.

–Me var litt færre enn det pleier å vera grunna turnstemne. Ein må jo få det til å klaffa, men det er ikkje alltid det går. Me hadde uansett eit strålande oppmøte og det var plass til alle på Øvre Vangen, men det var bra fullt, seier Holien.

I alt var det 19 unge som sprang på tid. Andreas Damstuen Lerberg hadde den beste tida på 4,29 minutt. På andreplass kom Margrethe Einemo og på tredjeplass var Samuen Eines.

– Eg trur dei fleste kosa seg i sola denne søndagen. Det virka som nokon vart litt lei seg for at dei ikkje kunne springa grunna sjukdom.  Positivt var det at me har fåt ei rekruttering av yngre som springer på tid, avsluttar Holien.

Neste søndag er det duka for det tradisjonelle Lærdalsløpet.

Til toppen