VART HEIDRA: Asle Skalle, Severin Bjørketun og Olav Teigen vart heidra for 40 år i hjelpekorpset i Lærdal. Frantz Henriksen vart også heidra, men han var ikkje tilstades. Foto: Jan Christian Jerving. 
VART HEIDRA: Asle Skalle, Severin Bjørketun og Olav Teigen vart heidra for 40 år i hjelpekorpset i Lærdal. Frantz Henriksen vart også heidra, men han var ikkje tilstades. Foto: Jan Christian Jerving. 

Heider og ære for 40 år i hjelpekorpset

Søndag vart fire medlem i hjelpekorpset i Lærdal tildelt ei utmerking for lang og tru teneste. 

Lærdal: – Dei har lagt ned ein utruleg innsats desse fire karane, seier styreleiar i hjelpekorpset Åslaug Kaardal Golf. 

Asle Skalle, Severin Bjørketun, Olav Teigen og Frantz Henriksen, som ikkje var tilstades, var dei som tok initiativet til å starta opp at hjelpekorpset i Lærdal i 1975. 

Søndag kveld vart den årlege hjelpekorpsbasaren i Lærdal, og der fekk dei utdelt medlemspins for 40 år i hjelpekorpset og blomster for lang og tru teneste.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE FOLK: Bygdefolket stilte opp for å få med seg basaren. Til saman vart det samla inn 75 000 kroner som skal gå til vidare drift av hjelpekorpset.
MYKJE FOLK: Bygdefolket stilte opp for å få med seg basaren. Til saman vart det samla inn 75 000 kroner som skal gå til vidare drift av hjelpekorpset.

Historia til hjelpekorpset går heilt tilbake til 1949 då Lærdal Røde Kors vart ein krets av Norges Røde Kors. Første formann var Anders Rekve. 

Etter kvart vart det stille frå laget, men i 1979 vart det halde møte på Offerdal pensjonat, og då vart Lærdal Røde Kors starta opp att med Frantz Henriksen som formann. I 2006 fekk han tildelt Bry deg-prisen under årsmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors.

Opp gjennom åra har dei har mykje aktivitet i lokalsamfunnet, og i år har hovudstyret, lokalforeininga og hjelpekorpset fått eit felles styre der Monika Lysne er leiar.

LEIAR: Monika Lysne takka bygdefolket for at det stilte opp.
LEIAR: Monika Lysne takka bygdefolket for at det stilte opp.

– Me kan ikkje seia anna enn tusen takk til bygdefolket som atter ein gong stiller opp på basaren vår. Her i storstiva er det fullt sjølv om det er andre ting som skjer i bygda denne helga.

Litt over 75 000 kroner vart samla inn. Under basaren vart synt fram bilete frå aktiviteten opp gjennom åra, blant anna frå basaren i 1976. Også då stilte bygdefolket opp, og det vart samla inn 13 000 kroner. 

Til toppen