Heiderleg innsats under Holmenkollstafetten

Heiderleg innsats under Holmenkollstafetten

For 8. året på rad deltok Årdal kommunes bedriftslag i Holmenkollstafetten.

Aldri før har Holmenkollstafetten hatt så stor oppslutnad som han hadde i år, og blant dei 3438 laga som var påmeldt var Årdal kommunes bedriftslag.

Bedriftslaget til kommunen deltok i klassen miksa bedriftslag med flest damer. 

Allereie i mars starta dei opp med fellestreningar, slik at dei som ikkje var like vande med stafett i kvardagen, ikkje skulle få eit for voldsomt sjokk då stafettpinnen skulle raskast mogleg transporterast gjennom gatene i Oslo.

– Det viktigaste med fellestreningane er likevel lagbygginga og kjensla av å vera saman om eit mål. Det sosiale aspektet er også viktig under fellesreisa og opphaldet i Oslo, med busskviss, lyrikk, tippekonkurranse, felles middag og informasjonsmøte.

Det er Ann-Kristin Midtun som har vore trenar for gjengen. Lagleiarane er Stine Mari Måren Elverhøi og Lars Arne Nes. 

– Då fellestreningane var unnagjort og testløypa synte gjennomgåande positive resultat, var det ein godt førebudd gjeng som var klar til start ved St. Hanshaugen.

Etter 15 etappar med god innsats synte klokka 77,57. 

Stine Mari Måren Elverhøi seier bedriftslaget vil halde fram med treningane sine på onsdagane og fortel vidare at kven som helst kan melde seg inn ved å ta kontakt med ho.

Slik er løypa:

Til toppen