HEIDRA FOR INNSATSEN: Dei to eldsjelene Arvid Brennset (til venstre) og Leif Bjarne Sæle (i midten) vart spesielt heidra for dugnadsinnsatsen av leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag.
HEIDRA FOR INNSATSEN: Dei to eldsjelene Arvid Brennset (til venstre) og Leif Bjarne Sæle (i midten) vart spesielt heidra for dugnadsinnsatsen av leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag. (Bilde: Knut Strøm)

Heidra dugnadsgjengen då det nye skyttarhuset vart opna

Mange har hjelpt til og 6000 dugnadstimar har gått med til bygginga av Leikanger skytestadion. Men under opninga var det spesielt innsatsen til to av dei som var løfta fram.

Leikanger: I helga vart det nye skyttarhuset på Leikanger opna, eit flott anlegg på fire hundre kvadrameter, med innandørs 15-metersbane med ti elektroniske skiver, eit stort opphaldsrom, kjøken, toalett, garderobar og lager.

Prosjektet er rekna å koste seks millionar kroner. Ein rimeleg sum, når du ser kva skyttarlaget har fått att for pengane. 

FØRSTE SKYTING: Under opninga fekk ti heldige skyttarar æra av å vere med på jomfrutevlinga.
FØRSTE SKYTING: Under opninga fekk ti heldige skyttarar æra av å vere med på jomfrutevlinga. Foto: Knut Strøm

– Det er på grunn av ein vanvittig dugnadsinnsats og desse to har vore drivkreftene, seier han og tenkjer på karane på biletet ovanfor, Arvid Brennset og Leif Bjarne Sæle.

– Det er to nypensjonerte karar som kan det meste og dei har handtert nesten alt det praktiske rundt bygginga, seier Skarsbø.

Han reknar med at dugnadsgjengen samla har lagt ned rundt seks tusen timar i sjølve bygginga. Dei to pensjonistane står for to tredelar av timane, to tusen kvar i talet.

 

 

– Dei har omtrent vore på jobb i femten månader, frå halv åtte til tre-fire tida bortimot kvar einaste dag. Utan dei hadde me ikkje greidd å bli ferdige no og i allefall ikkje innafor budsjettet, seier Skarsbø.

Har kapasitet til å ta imot nye medlemmar

Han seier det har gått ti år sidan dei byrja å drøyme om bygget dei no har fått offisielt opna. Skarsbø seier dei no vil få ein heilt ny kvardag framover.

– Før om åra har me hatt ventelister for å få vere med å starte opp treninga på hausten. Det trur me er historie. Sjølv om me no ser ein auke på førti prosent i medlemstalet, så har me kapastitet til det no, seier han.

I tillegg trur Skarsbø det vil bli lettare for utøvarane å driva med sporten i den nye storstova. For eksempel har dei gjort det mogleg å oppbevare våpen, ammunisjon og utstyr på huset, på ein sikker og god måte:

Vil satse på kurs og opplæring

– Det kan gjera det lettare, ikkje minst for studentar og andre som kanskje byr på hybel og ikkje har bil, til å komma hit og trena, seier Skarsbø.

– VI har sett på utfordringane vi har hatt og prøvd å løyse dei i det nye huset. Så får me sjå korleis det fungerer.

I tillegg til ein letta kvardag, gir bygget høve til å utvikle skytesporten på Leikanger enno meir. Konkret ønskjer dei å satse meir på kurs og opplæring, gjerne i samarbeid med dei to andre skyttarlaga i bygda, dei nyorganiserte sportsskyttarane og jakt- og fiskarlaget.

– Vi har etter kvart fått eit breitt fagleg miljø her på Leikanger. Det er masse bruksområde og moglegheiter som opnar seg med dette huset, seier Skarsbø.

Til toppen