HÅNDMUNN: Håndmunnen, monument til ære for filosofen Ludvig Wittgenstein, står på Vassbakken på Skjolden. Det blei frakta frå Dovre, og over Sognefjellet førre veke.
HÅNDMUNN: Håndmunnen, monument til ære for filosofen Ludvig Wittgenstein, står på Vassbakken på Skjolden. Det blei frakta frå Dovre, og over Sognefjellet førre veke. (Foto: Linda Watten)

Heidra filosofen Wittgenstein med omsnakka monument

Kunstanarane Marianne Bredesen, Siri Hjorth, og Sebastian Makonnen Kjølaas står bak håndmunnen, på Skjolden, som dei har valt å kalla det.

Luster: – Det er ikkje bra før nokon hatar det, seier Sebastian Kjølaas, og ler.

Saman med Marianne Bredesen og Siri Hjorth står han framanfor ei gigantisk hand som skal symbolisere handa til den kjende filosofen Ludwig Wittgenstein. I enden av handa er det ein munn som både kan prate og plystre. 

– Wittgenstein oppheldt seg store delar av livet sitt på Skjolden, der han skreiv i fred i det førre århundre. Eg vil nok seia han er den viktigaste filosofen på den tida, seier Bredesen. 

Håndmunnen symboliserar Wittgenstein

Laurdag avduka kunstnarane monumentet som er forma ut av Njål Andreassen ved Hjerleid handverkssenter, etter ein modell frå dei sjølve. 

KUNSTNARANE: Marianne Bredesen, Sebastian Makonnen-Kjølaas, og Siri Hjorth. Foto: Linda Watten

– Me er opptekne av å finna ut korleis ein kan snakka om filosofi på eit visuelt språk. Håndmunnen handlar om språket og tankane til Wittgenstein. Munnen her representerar språket, og handa representerar handling. Saman skapar dei meining, fortel Kjølaas. 

Sjølv om det var jubel og positive ord frå dei som møtte opp denne dagen, er det ikkje alle som har vore like positive til det nye kunstverket i bygda.

– Det er jo veldig deileg med debatt, og me forstår dei jo litt. Plutseleg kjem det eit framand legeme langs vegen, men me trur det vil gå over om ei stund, seier Kjølaas.

Folk har kalla den grotesk

Dei fortel at dei har høyrt ulike namn og meiningar om håndmunnen. 

– Me har høyrt folk kalla den både vulgær og grotesk, og så var det nokon som lurde på når resten av kroppen kom, seier Bredesen og ler. 

Ein av dei som har vore litt usikre på korleis kunstverket vil ta seg ut, er Harald Vatne. Han er medlem i Stiftinga Wittgenstein, og har sjølv skrive bok om filosofen si tid på Skjolden. 

– Me i stiftinga har ikkje hatt så mykje med dette å gjera, men det er no forsåvidt spanande når den fyrst står her. Eg har vore litt tilbakeholden til dette ut frå fleire ting, men vår ledetråd i det arbeidet me gjer er "det stille alvoret". 

I strid med at Wittgenstein søkte ro

Med det presiserar Vatne at då Wittgenstein kom til Skjolden var det for å søka stillheit og arbeidsro, i eit ryddig landskap som inspirerte han til å gjera sine viktigaste arbeid. 

HÅNDMUNN: Harald Vatne framanfor det noko omtala kunstverket. Foto: Linda Watten

– Difor kan du seia at eg ikkje heilt følte at dette var ein del av det stille alvor, det her er noko anna. 

No håpar han likevel at håndmunnen vil trekka folk av vegen, og kanskje føra dei heilt opp til Wittgenstein sitt hus, som i desse dagar blir restaurert over Eidsvatnet. 

– Når det fyrst kom på plass er det viktig at det blei eit synleg trekkplaster. 

Det er kunstnarane samde i. 

Eit trekkplaster for folk

– Me håpar den vil utfylla seg med huset. Men i bunn og grunn har folk her vore positive, og dei har stilt med eit ope sinn. Me har sett stor pris på både kultursjefen og bygdelaget som har vore med oss på dette, seier Bredesen. 

Bygdelaget sa følgjande ved avdukinga.

– Me er ei bygd med 300 innbyggjarar og 300 ulike meiningar. Sånt blir det debatt av, men etter kvart som fleire brikker fell på plass i bygda vår håpar me dette er starten på ei positiv utvikling, både med kunstverk, ny tursti, og Wittgenstein-huset på plass. 

Til toppen