FRÅ VENSTRE: Else Svori (25 år), Ester Instefjord (20 år), Gunvor Nordås (10 år), Eva Nilsen og Judith Holsæter (5år).
FRÅ VENSTRE: Else Svori (25 år), Ester Instefjord (20 år), Gunvor Nordås (10 år), Eva Nilsen og Judith Holsæter (5år). (Foto: Agnar Kvam)

Heidra for aktiv innsats i Årdal Mosjonsskule

Fem personar vart heidra av Årdal Mosjonsskule tidlegare denne månaden.

Årdal: Tidligare denna månaden vart fleire personar heidra for innsatsen i Årdal Mosjonsskule. Heilt sidan 1991 har mosjonsskulen vore i samanhengande drift. 

I haust har 35 mosjonistar og to instruktørar samlast to gonger i veka. 

– Dei dyktige instruktørane våre Jane Haglund og Bjørg Størseth styrer timane med godt humør. Timane består av både gymnastikkøvingar og sirkeltrening, seier Agnar Kvam, leiar i Årdal Mosjonsskule. 

Trening og sosialt

Kvam fortel at det ikkje berre er trening som er viktig for deltakarane. 

– Den sosiale delen er like viktig som treningen på trimkveldane og ved andre tilstellingar. 

FRÅ VENSTRE: Jane Haglund, Svein Fretland og Bjørg Størseth. Foto: Agnar Kvam/Privat

Tidligare denne månaden var dei samla for juleavslutning på Svalheim Gard. 

– Praten gjekk og humøret var på topp heile kvelden. Det var òg ei markering for aktiv deltaking over tid, fortel Kvam. 

Fem personar fekk ekstra merksemd. 

– Judith Holsæter og Eva Nilsen har vore med i fem år, Gunvor Nordås i ti år, Ester Instefjord i 20 år og Else Svori har vore med i 25 år. 

– I tillegg har Svein Fretland vore, og er framleis ein nøkkelperson for Årdal Mosjonsskule, seier leiaren. 

Kvam fortel at Fretland var med på etableringa for mange år sidan og har vore den berande krafta for mosjonsskulen i alle år. 

Til toppen