FEKK PÅSKJØNNING FRÅ KOLLEGAENE: Nina og Jan Ove Selseng (til høgre) blir heidra av kollegaane i Indre Sogn produsentlag for å ha fått sølvtina til Tine. Tidlegare bondelagsleiar Per Hilleren til venstre.
FEKK PÅSKJØNNING FRÅ KOLLEGAENE: Nina og Jan Ove Selseng (til høgre) blir heidra av kollegaane i Indre Sogn produsentlag for å ha fått sølvtina til Tine. Tidlegare bondelagsleiar Per Hilleren til venstre. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Her blir dei heidra for femten år med perfekt mjølk

– Dette hadde me ikkje sett for oss.

Sogndal: Nina og Jan Ove Selseng har drive med geiter i tredve år på Selseng fremst i Sogndalsdalen. I dag vart dei gjort stas på av kollegaene i samband med at dei fekk sølvtina som markerer femten år med feilfrie mjølkeleveransar.

– Den er ikkje enkel å få. Bak utmerkinga ligg gode daglege rutinar og nøyaktigheit på alle plan. Tina heng voldsomt høgt, sa Per Hilleren, den tidlegare bondelagsleiaren, då han overrekte gratulasjonar og ei gåve på vegner av Indre Sogn produsentlag.

Dei to prisvinnarane vart på si side tatt heilt på senga av utmerkinga. 

– Dette hadde me ikkje sett for oss i det heile tatt. Det er kjekt når Tine set pris på jobben me gjer, dei er avhengige av å få mjølk av topp kvalitet for å lage gode produkt vidare. Så dette er ei stor oppmuntring, seier Nina Selseng.

Dei representerer på mange måtar eit glansbilete av norsk jordbruk. Frå mai til september, sånn omtrent, har geitene beite på Anestølen, den siste gjenverande stølen i kommunen. Kulissane kunne ikkje vore meir nasjonalromantiske, men Selseng seier beiteressursane og stølsdrifta der er avgjerande.

– Gardane våre er ikkje så store, så då er det kjempeviktig å få dei fram her. Og så blir det meir som ein ferie både for dyra og oss.

I vår har ho sjølv starta ysteri og Selseng seier at det same gjeld i hennar tilfelle: kvalitetsmjølk må til for at osten skal bli god. Sjølv om ysteriet er nytt, har ho 25 år med erfaring å byggje på.

– Eg har alltid kokt til vener og bekjente, men fann ut at eg ville gjera litt meir ut av det og bruka dei ressursane me har på garden.

Til toppen