Heidra: Noregsmeistrane Jens Henrik Hegg (f.v.) og Tomas Langeland fekk 1500 kroner kvar av ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. i site kommunestyret før jul. Jon-Hermann Hegg er også noregsmeister og fekk sjekk, men han var ikkje til stades. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Heidra: Noregsmeistrane Jens Henrik Hegg (f.v.) og Tomas Langeland fekk 1500 kroner kvar av ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. i site kommunestyret før jul. Jon-Hermann Hegg er også noregsmeister og fekk sjekk, men han var ikkje til stades. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Heidra tre noregsmeistrar

Lærdal har i løpet av 2016 fått noregsmeistrar i boksing, skogsløp med skyting og skyting med matchrifle - på kommunestyremøtet torsdag vart dei heidra

Lærdal: – At me heidrar Noregsmeistrar i siste kommunestyret før jul har nesten vorte ein tradisjon, sa ordførar Jan Geir Solheim.

Dei tre unge talenta er Tomas Langeland (12), Jens Henrik (15) og Jon-Hermann (17) Hegg.

Langeland tok gull i 50-kilosklassen i landsmesterskapen i diplomboksing i januar.

– Eg gjekk to rundar for å ta den. Så trenar eg boksing tre gonger i veka, sa Langeland.

Les også: Tok sølv i Nord-Europas største boksestevne

NM-gull i skyting

Jon-Hermann Hegg vann NM-gull på juniornivå i skyting med matchrifle, 60 skot liggjande. I tillegg var han ein av tre som sørga for lagsiger i nordisk meisterskap ståande skyting med luftgevær, 60 skot kvar. Då tok det norske laget også nordisk rekord.

– Han tok seg også til finalen i landsskyttarstemnet. Jon Hermann er i Kongsvinger og trenar, så han kunne ikkje koma hit i dag - han ringte i går og beklaga at han ikkje kunne koma, sa ordførar Solheim.

Les også: Skyttartalentet tok gull i første internasjonale konkurranse

NM-gull i skogsløp med skyting

Broren, Jens Henrik Hegg vann skogsløp med skyting, ein disiplin i regi av Det frivillige skyttervesen. Her vart han noregsmeister i klasse eldre rekrutt.

Han driv også med baneskyting og skiskyting.  

– Skyting trenar eg på ei sjeldan gong i veka, men eg får det bra til likevel. Skiskyting trenar eg seks gonger i veka, sa Hegg.

Ordførar Solheim venta å sjå att karane i kommunestyret ved utgangen av 2017:

– Dette byrjar å bli julestrasisjon, og tradisjonar er til for å haldast.

Karane fekk ein sjekk frå kommunen på 1500 kroner kvar. 

Til toppen